Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget – for læraren

Faget materiale og teknikkar er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt både i overordna og i fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på handverk, design og produktutvikling vg1 på NDLAs hovudside, vil du få opp ein inngang for kvart enkelt programfag. Klikkar du deg inn på eit programfag, får du opp ei oversikt over emna i det aktuelle faget.

Emne med tilhøyrande artiklar og oppgåver

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når du klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Menyvisning, språkveljar og fritekstsøk

Øvst på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten Meny. Til høgre for menyknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på menyknappen, får du opp ei oversikt over innhaldet i faget. Språkveljaren lèt deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Søk på innhald knytt til same kompetansemål

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet Vis kompetansemål, som er plassert rett under namnet på faget.

Innhald

På NDLA finn du både fagartiklar, filmar, podkastar, eit virtuelt biletgalleri og utforskande og yrkesretta oppgåver for utdanningsprogrammet handverk, design og produktutvikling vg1. Her må du velje ut ressursar som passar til elevgruppa di og til årsplanen til skulen.

Ressursane i faget materiale og teknikkar dekker kompetansemåla og gir høve til yrkesfagleg fordjuping. Ved å klikke på "Vis kompetansemål" vil du få opp korleis kvar enkelt ressurs er kopla til læreplanen.

Læringsressursane er forankra i verdigrunnlaget frå overordna del av læreplanen. Det betyr at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Vi har vektlagt idéutvikling og designprosessar der elevane er aktive og jobbar kreativt, både individuelt og saman med andre. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar og vurdere eigne arbeidsprosessar.

Kvinne sit ved ein arbeidsbenk og loddar ein sølvgjenstand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigne emne for ulike materialområde

Elevane skal forme produkt i harde, mjuke og plastiske materiale og fordjupe seg i sjølvvalde interesseområde. Vi har oppretta emne for tekstilhandverk, trearbeid, metallarbeid og keramikk. I kvart av desse emna finn du delemne som tek for seg ulike teknikkar som ein bruker når ein jobbar med materialtypen. Her har vi lagt vekt på bruk av instruksjonsfilmar.

Yrkesutdanningane

Elevane skal få innblikk i dei ulike yrkesfaga. Yrkesportrett og skildring av utdanningsløp er samla i emnet Yrke innan handverk, design og produktutvikling.

Ung kvinneleg syar ferdigstiller ein bunad plassert på ei byste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsliv

Temaet partane i arbeidslivet er i Kunnskapsløftet 2020 teke inn i alle yrkesfaga. Her har vi utarbeidd felles ressursar og laga nokre meir yrkesspesifikke oppgåver. Udir har knytt dette kompetansemålet til programfaget materiale og teknikkar. Vi har derfor valt å plassere emnet om arbeidsliv her.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er ein viktig del av arbeidet med materiale, teknikkar og utstyr. Yrkesfagredaksjonane i NDLA har samarbeidd om fleire ressursar innanfor dette temaet. Vi har delt inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren. I tillegg har vi skilt ut sikkerheit og førstehjelp som eigne delemne.

På tvers av fag

Programfaga i handverk, design og produktutvikling vg1 er knytte tett saman. Fleire av ressursane vil vere merkte med kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge hovudemna Visualisering og Berekraftig utvikling i begge programfaga sidan dei òg er svært relevante når ein jobbar med produktutvikling og skapande prosessar.

Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er beskrivne i overordna del av læreplanen, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre. Kom gjerne med innspel i Facebook-gruppa "Handverk, design og produktutvikling fra NDLA.no"!

Nærbilete som viser hendene til ein mann som høvlar eit trestykke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2023

Læringsressursar

Om faget – for læraren