Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike metodar

Når du har bestemt deg for kva du lurer på, er det neste spørsmålet: Korleis skal du finne ut av det? I samfunnsvitskapane finst det tallause metodar for å svare på spørsmål. Ulike metodar høver til å svare på ulike typar spørsmål. Her skal vi sjå på nokre av metodane.
Stor hand med forstørrelsesglass over liten mann med snakkeboble. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvantitative metodar: telje og måle

Kvantitativ er eit adjektiv som er avleidd av substantivet kvantitet, som tyder «mengde». Når du stiller det same spørsmålet med dei same svaralternativa til mange menneske, bruker du ein kvantitativ metode. Poenget med å stille akkurat det same spørsmålet til mange, er å lage statistikk. Statistikken kan seie oss noko om generelle tendensar i tida vi lever i.

Kvantitative metodar høver godt til å svare på spørsmål av typen kva og kor mange. Døme: Kor mange på din skule tek studiespesialisering, og kor mange har valt eit yrkesfagleg utdanningsprogram? Kva for eit yrke er det flest som har lyst til å ha etter vidaregåande? Kor mange seier at dei vil gå vidare på ein høgskule eller eit universitet?

Spørjeundersøking

Når du har laga spørsmål ut frå ein kvantitativ metode, er det spørjeundersøking som er det mest aktuelle. Lag eit spørjeskjema for dei spørsmåla du vil ha svar på. Så formulerer du svaralternativ som respondentane kan krysse av på. Spørjeskjemaet bør òg ha plass til informasjon om respondenten, såkalla . Slik informasjon kan vere alder, kjønn og klassesteg. Poenget med slike opplysningar er at du då kan finne ut om det til dømes er slik at gutar og jenter svarer ulikt, eller om det er forskjell på eldre og yngre elevar. Det er lurt å ikkje ha for mange bakgrunnsvariablar, for då kan det fort bli rotete.

Bruk god tid på å formulere spørsmåla. Det er viktig at du held deg innanfor eitt tema, og at du ikkje bruker vanskelegare ord enn du må. Test spørsmåla og svaralternativa på nokre klassekameratar eller andre som du stolar på. Forstår dei spørsmåla slik du hadde tenkt, eller misforstår dei? Der det er misforståingar, bør du prøve å omformulere spørsmåla og teste på nytt.

Fordelen med undersøkingar med ferdige svaralternativ er at mange respondentar kan svare på dei raskt. Deretter kan du setje svara inn i eit elektronisk rekneark eller i programmet NSDstat, som mange skular har lisens til å bruke.

Kvalitative metodar: lytte og grave

Kvalitative metodar handlar om å gå i djupna heller enn å sjå på mengda. Her er målet gjerne å få svar på spørsmåla korleis og kvifor. Kvifor vil fleire gutar bli sjukepleiarar i dag enn tidlegare? Korleis har gutar som søkjer seg til sjukepleia, tenkt når dei har valt utdanning? Skal vi få svar på denne typen spørsmål, lønner det seg å utforske nokre få tilfelle grundig heller enn å spørje så mange som råd, slik vi ville ha gjort i ei spørjeundersøking. Vi skal sjå på nokre måtar å bruke kvalitative metodar på.

Intervju

Intervju er ei meir open form for undersøking enn eit spørjeskjema. Denne måten å undersøkje eit tema på kan vere meir krevjande, men kan òg gi meir nyanserte svar. Målet er at respondentane skal svare meir utfyllande og med eigne ord. Tenk godt igjennom spørsmåla dine på førehand, slik at dei er mest mogleg nøytrale og ikkje-leiande. Det er stor forskjell på spørsmål som «Meiner du at alle innvandrarar snyltar på den norske staten?» og «Korleis kan våre nye landsmenn støtte opp under det norske samfunnet i dag?» Unngå også ja/nei-spørsmål.

Du bør stille dei same spørsmåla til alle du intervjuar. Det er viktig for å kunne samanlikne dei svara du får. Samtidig er det viktig at du lyttar godt på svara og stiller oppfølgingsspørsmål dersom noko er uklart. «Kva meiner du med det? og «Kan du gi eit døme?» er døme på oppfølgingsspørsmål som kan gi deg betre svar.

Deltakande observasjon

Folk gjer ikkje alltid som dei seier, og seier heller ikkje alltid alt dei gjer. Derfor er det ikkje alt du kan finne ut ved å stille direkte spørsmål. Ein grunn kan vere at dei du undersøkjer, ikkje har noko bevisst haldning til det du er interessert i. Så dersom du spør dei, vil dei kanskje berre svare «hæ?». Ein annan grunn er at det finst tema som folk ikkje liker å snakke om. Dersom du spør dei, kan dei finne på å lyge eller ikkje svare i det heile.

Her er deltakande observasjon eit alternativ. Det er ein metode som krev mykje tid, og som derfor ofte ikkje er aktuell for skuleelevar, men det er lurt å vite om han likevel. I deltakande observasjon er poenget at du bruker mykje tid på å vere saman med den gruppa du undersøkjer, tek del aktivitetane deira og observerer kva dei gjer, og korleis dei gjer det. Slik kan du få ei djupare og meir nyansert innsikt i denne gruppa. Ei ulempe ved denne metoden er at ditt eige nærvær bevisst eller ubevisst kan påverke dei du observerer, slik at du får «feil» resultat.

Å generalisere

Når du gjer ei samfunnsfagleg undersøking og finn ut noko du ikkje visste frå før, må du spørje deg sjølv: Er det eg finn her, noko som gjeld for alle? Når ein meiner at ja, dette gjeld for alle, kallar vi det ei .

I naturfag er dette nokså enkelt. Eit døme: Når ein fysikar finn ut at ein stein som blir kasta i vatnet, søkk, kan det forklarast med tyngdekrafta. Ut frå dette eine tilfellet set fysikaren opp ein allmenn regel som seier at alle steinar søkk i vatn – han eller ho generaliserer.

Så enkelt er det ikkje i samfunnsfagleg forsking. Menneske er mykje meir kompliserte enn steinar, og det er store variasjonar mellom grupper av menneske. Vi kan ofte finne at variasjonane følgjer mønster. Du spør til dømes alle elevane på din skule kva dei vil arbeide med når dei blir vaksne. 20 prosent seier at dei vil bli fiskarar. Kan du då generalisere, og seie at 20 prosent av alle elevar i vidaregåande skule ser for seg å arbeide som fiskarar?

Truleg er svaret nei. Skulen din ligg i ein kystkommune i Troms, og mange av elevane har foreldre som er fiskarar. Dersom du gjorde den same undersøkinga på ein skule i Oppland, der det finst få fiskarar, hadde du truleg fått eit anna resultat. Med andre ord: Dei tankane ungdommar har om kva dei skal arbeide med i framtida, kan vere påverka av kvar i landet dei bur. Dersom du skulle ha gjennomført ei generaliserbar undersøking blant elevar på vidaregåande skular i heile Noreg, ville det derfor vere naturleg å ha med bustad som ein bakgrunnsvariabel.

Dersom du ønskjer resultat som du kan generalisere ut frå, treng du å spørje mange. Profesjonelle meiningsmålingsinstitutt som TNS Gallup, Statistisk sentralbyrå og IPSOS MMI trekkjer ut ca. 1000 tilfeldige respondentar når dei stiller spørsmål knytte til val, smak, vanar osv. Slik får dei ei gruppe som representerer heile landet, begge kjønn, ei god aldersspreiing, frå 18 til 80 år, og alle utdanningsnivå. Dei 1000 som blir trekte ut, blir ringde opp og bedne om å svare på spørsmåla. I somme tilfelle er spørsmåla bestilte av næringslivet, som lurer på om produkta deira vil selje, andre er bestilte av forskarar.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kartlegge behov med spørjeskjema