Hopp til innhald

Fagstoff

Spørsmålstypar

Når du lagar eit spørjeskjema, må du også bestemme korleis brukarane skal svare på spørsmåla. Det gjer du ved å velje spørsmålstype. Du bør alltid prøve å gjere det så enkelt og raskt som mogleg for brukarane å svare.
Alvorleg mannleg bedriftsrådgivar analyserer informasjon frå eit spørreskjema. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei mest brukte spørsmålstypane er:

  • einval
  • fleirval
  • skala
  • tekst

Det finst fleire andre spørsmålstypar, men dei fleste av dei er berre variantar av dei fire mest brukte, til dømes einvalsspørsmål der ein vel frå ein nedtrekksmeny i staden for å klikke på ein knapp.

Einval og fleirval

Einvalsspørsmål er spørsmål der brukaren berre kan velje eitt av fleire alternative svar, medan fleirvalsspørsmål er spørsmål der det er mogleg å velje fleire svar.

Einvalsspørsmål blir viste med radioknappar (sirklar), medan fleirvalsspørsmål blir viste med avkryssingsboksar.

Døme på einvalsspørsmål:

Envalgsspørsmål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på fleirvalsspørsmål:

Flervalgsspørsmål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For einvalsspørsmål er det viktig at svaralternativa utelukkar kvarandre, slik at brukaren ikkje opplever at fleire av alternativa kan vere riktige.

I nokre tilfelle kan det vere brukarar som ikkje er einig i nokon av svaralternativa, ikkje veit kva dei skal velje, eller ikkje ønskjer å svare på spørsmålet. Slike spørsmål bør ha eit eige ”null”- eller ”veit ikkje”-alternativ. Det kan også vere lurt å gi brukaren høve til å leggje til eit eige alternativ.

Generelt gjeld regelen at einvalsspørsmål alltid bør ha eit ”veit ikkje”-alternativ.

Døme på einvalsspørsmål med ”veit ikkje”-alternativ og høve til å leggje til eit eige alternativ (Andre).

Envalgspørsmål med ”vet ikke” alternativ. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skalaspørsmål

I skalaspørsmål blir brukaren bedt om å gi ei vurdering basert på ein skala som er bestemt på førehand.

Alternativa på skalaen bør vanlegvis vere oddetal (3, 5 eller 7). Årsaka er at på ein skala med oddetal vil det alltid vere eit val i midten av skalaen. Dette vil bli oppfatta som nøytralt av brukarar som er usikre på kva dei skal svare, og fungere som eit ”veit ikkje”-alternativ.

Unntaket er når du ønskjer å tvinge brukarane til å ta stilling den eine eller den andre vegen. Da bør alternativa vere i form av partal (2, 4, 6 eller 8), slik at det ikkje finst noko nøytralt alternativ i midten.

Døme på skalaspørsmål med fem alternativ.

Skalaspørsmål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje bruk ein lengre skala enn nødvendig. Færre alternativ gjer det enklare for brukaren å velje. I dømet over er det brukt ein skala frå 1 til 5. Vi kunne også tenkje oss den same undersøkinga med berre tre alternativ, sidan det vi ønskjer å finne ut, er om brukarane er fornøgde, misfornøgde eller ein stad midt imellom.

Døme på skalaspørsmål med tre alternativ.

Skalaspørsmål med tre alternativ. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men det er ikkje sikkert at skalaen med tre alternativ ville gitt eit like riktig bilete av situasjonen. Mange kvir seg for å velje dei ytste alternativa på eit skalaspørsmål, og med berre tre alternativ vil fleire vere tilbøyelege til å velje alternativet i midten sjølv om dei eigentleg er litt misfornøgde eller ganske fornøgde. Med fem alternativ får brukaren høve til å seie at dei er litt misfornøgde eller stort sett fornøgde, ved å velje alternativ 2 eller 4.

Tekstspørsmål

Tekstspørsmål er spørsmål der brukaren må skrive eit svar. Det tek lengre tid og krev meir av brukaren. Tekstspørsmål bør derfor helst ikkje vere obligatoriske, og dersom det er mogleg, bør du unngå dei. Unntaket er høvet brukaren bør få til å gi eigne kommentarar.

Døme på tekstspørsmål.

Tekstspørsmål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelt gjeld regelen at einvalsspørsmål alltid bør ha eit ”veit ikkje”-alternativ, og at skalaspørsmål bør ha eit nøytralt alternativ i midten.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Kartlegge behov med spørjeskjema