Hopp til innhald

Fagstoff

Analysere resultata av undersøkinga

Når undersøkinga er gjennomført, må resultata analyserast.
Kvinne jobbar med berbar datamaskin og fleire ark med grafiske framstillingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resultata av ei undersøking bør alltid målast mot noko. Dersom det er gjennomført tilsvarande undersøkingar tidlegare, er det naturleg å samanlikne med resultata frå dei for å sjå om det er ei positiv eller negativ utvikling. Det er òg mogleg å talfeste mål før undersøkinga blir gjennomført, og samanlikne resultata med måla.

Dei fleste tenestene for nettbaserte spørjeskjema inneheld eigne analysemodular. Elles er rekneark som Excel godt eigna som verktøy for å behandle og analysere resultat av spørjeundersøkingar. Mellom anna kan resultata visualiserast ved hjelp av diagram.

Å tolke resultata frå ei undersøking er ikkje alltid så enkelt, og det er lett å fokusere einsidig på avvik og negative resultat, eller omvendt. Det er viktig å spørje seg sjølv om det kan vere feil i undersøkinga, eller om det finst faktorar som har påverka svara, dersom vi får tal som vik svært mykje av frå forventingane eller tilsvarande tidlegare undersøkingar.

Ei hending like før ei undersøking kan gi store utslag som ikkje er representative for kva brukarane meiner til vanleg. Dersom nettverket til dømes har vore nede heile føremiddagen den dagen du sender ut undersøkinga, vil det truleg påverke resultatet i negativ retning sjølv om det kanskje er snakk om ei eingongshending. Svara blir påverka av stemninga den dagen.

Krysstabellar

I dei fleste tilfella vil det vere aktuelt å "kople" to eller fleire spørsmål når vi skal analysere resultata. Dette kallar vi å krysskople eller krysstabulere. Excel har eit eige verktøy for krysstabulering.

Krysstabulering gjer at vi kan oppdage "skjulte" resultat i ei undersøking. Tenk deg at du har gjennomført ei undersøking der du mellom anna har fått svar på desse to spørsmåla:

  1. Korleis vil du beskrive din eigen kompetanse i bruk av IKT-verktøy?
    1. Avansert
    2. Vidarekommen
    3. Basisferdigheiter
  2. På ein skala frå 1 til 5, kor fornøgd er du med servicenivået frå IKT-brukarstøtte?

Svara på desse spørsmåla er sjølvsagt interessante kvar for seg. Spørsmål 1 gir oss fordelinga av brukarkompetanse, noko som til dømes kan vere nyttig når vi skal planlegge opplæring.

Svarfordeling framstilt i eit kakediagram. Overskrifta er "Korleis vil du beskrive din eigen kompetanse i bruk av IT-verktøy?". Feltet basisferdigheiter er 47 prosent av diagrammet, feltet avansert er 24 prosent, og feltet vidarekommen er 29 prosent. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Svara på spørsmål 2 fortel oss kor godt fornøgde brukarane er med servicenivået, noko vi naturleg nok også er interesserte i å følge med på.

Søylediagram med overskrifta "Kor fornøgd er du med servicenivået frå IT-brukarstøtte?". Svara ligg på skalaen "svært dårleg" til "svært bra". Det er fem søyler. Søyla i midten er høgast. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved å kople dei to spørsmåla saman i ein krysstabell kan vi i tillegg finne ut om det er forskjellar i korleis brukarar med ulik kompetanse oppfattar servicenivået.

RadetikettarGjennomsnitt av kor fornøgd er du med servicenivået frå IKT-brukarstøtte?
Avansert4,50
Basisferdigheiter2,38
Vidarekommen3,20
Søylediagram med overskrifta "Gjennomsnittet av kor fornøgd brukaren er med servicenivået frå IT-brukarstøtte". Skalaen til venstre går frå 0 til 5. Det er tre søyler som frå venstre til høgre er merkte "Avansert", "Basisferdigheit" og "Vidarekommen". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No ser vi at brukarane med basisferdigheiter er vesentleg mindre fornøgde enn dei vidarekomne og dei avanserte brukarane. Så må vi sjølvsagt finne ut kva som er årsaka, og kva som kan gjerast for å betre resultatet, men dersom vi ikkje hadde kopla saman svara frå dei to spørsmåla, ville vi ikkje ha visst at dette var situasjonen.

Å sjå på svarfordeling og setje opp enkle krysstabellar kan gi nyttig og viktig informasjon, men du bør vere forsiktig med å trekke for bastante konklusjonar etter ein enkel analyse av spørjeskjemadata.

Enkle analysar av spørjeskjemadata kan gi oss nyttig informasjon og gode peikepinnar, men skal ein forstå store data fullt ut, krevst det spesialkompetanse innan statistikk, matematikk og metode. Ein må kunne berekne feilmargin, konfidensnivå, standardavvik og statistisk signifikans dersom ein skal gjere avanserte analysar og kunne seie at funna har stor grad av sikkerheit. Dette er eit eige fag på mastergradsnivå på universitet.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen og Tron Bårdgård. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Kartlegge behov med spørjeskjema