Oppgåve
Brukarundersøking
Her skal du gjennomføre ei undersøking av brukartilfredsheit i ei verksemd for å få tilbakemeldingar som kan nyttast til kontinuerleg forbetring.
Brukarundersøkingar kan vera nyttige for å få tilbakemelding frå eit større antal personar. I denne oppgåva bør de jobbe saman i grupper på 3-4 personar.
Ta kontakt med leiinga på skulen, eller ein annan oppdragsgjevar som kan ha interesse av å få gjennomført ei spørjeundersøking for eit bestemt føremål. Dersom du gjennomfører ho for skulen, kan ein til dømes lage brukarundersøkinga for skulekantina, biblioteket, resepsjonen, IT-brukarstøtte eller tilsvarande funksjonar. Ein kan også laga spørjeundersøkingar for å til dømes kartleggje IT-bruken i klasseromma.
Denne oppgåva blir gjennomført som eit prosjekt, og gjennomføringa bør innehalde følgjande prosessar:
- Gå i grupper på 3-4 personar.
- Finn oppdragsgjevar (til dømes skuleleiinga).
- Bestem tema/brukargruppe i samråd med oppdragsgjevar).
- Sett opp spørjeundersøkinga.
- Distribuer spørjeundersøkinga.
- Samle inn og analyser resultatet.
- Presenter resultatet for oppdragsgjevar.