Hopp til innhald

Fagstoff

Vatning

Jamn fukt er viktig i potetproduksjon. For lite vatn reduserer avlinga og gir potet med dårlegare kvalitet, men det er heller ikkje bra med for mykje vatn.
Store vasspreiarar vatnar potetåker. Foto.

Lite og svakt rotsystem

For å oppnå god potetavling av høg kvalitet bør vi halde jamn fukt frå byrjande knolldanning til 2–3 veker før opptak. Potetene har eit relativt lite og svakt rotsystem som ikkje klarer å hente vatn frå djupare lag i jorda. Ein lengre tørkeperiode krev derfor vatning. Behovet for vatn aukar frå spiring og utover sesongen.

Jordtype har noko å seie

Sandjord er tørkesvak, så viss du dyrkar potet i slik jord, bør du ha mogelegheit til å vatne. Både siltjord og til dels òg leirjord held betre på vatnet og er ikkje like utsett for tørke. Morenejorda plasserer seg mellom sandjord og siltjorda.

Konsekvensar av for mykje eller for lite vatn

  • Dårlegare avling. Generelt vil mangel på vatn avgrense både rotvekst og vekst av det grøne over jorda. Dette gir redusert avling.

  • Fare for skurvangrep. Tørke aukar faren for flatskurv, mens for mykje vatn aukar faren for angrep av vorteskurv.

  • Fare for vekstsprekk. Vekstsprekk er sprekkar eller sprekkliknande formasjonar på potetknollane. Desse oppstår ved ujamn fukt, og spesielt når plantene blir utsette for tørke og deretter får god tilgang på vatn.

  • Fare for kolv. Kolv er eit holrom i poteten, og det blir danna når det er ujamne fuktforhold. Kolv kan òg komme av mangel på enkelte næringsstoff. Sortar utvikla i seinare år er sterkare mot kolv.

  • Fare for blautrote. For mykje vatn aukar faren for blautrote, potetene rotnar rett og slett.

Potet med sprekk. Foto.

Kjelder

Bø, O. & Mæhlum, J. E. (2023, 24. august). Potetdyrking. https://www.agropub.no/fagartikler/potetdyrking

Løken, A. (2023, 7. juni). Vanning til potet. https://potet.no/fagartikler/potet/vanning/innlandet/vanning-til-potet.

Riley, H. (2020, 19. desember). Når, hvor og hvordan skal vi vanne korn, gras og potet? https://www.nlr.no/fagartikler/korn/innlandet/nar-hvor-og-hvordan-skal-vi-vanne-korn-gras-og-potet

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024

Læringsressursar

Arbeid i vekstsesongen