Hopp til innhald
Fagartikkel

Hypping av potet

Er du potetdyrkar, er hypping ei viktig arbeidsoppgåve i vekstsesongen. God hypping gir betre kvalitet på potetene, og du får meir kontroll på ugraset.

Kva er hypping?

Å hyppe potetene betyr at vi løfter jord opp på drillen slik at potetknollane blir godt dekte med jord. Har vi ein liten flekk med potet i hagen, kan vi bruke det vi har av utstyr når vi hyppar, det viktigaste er at vi dekker potetknollane godt. På litt større areal bruker vi traktor med hyppeutstyr bak. Ofte er det ei ramme som er påmontert hyppeskjer. Etter hypping bør potetknollane vere dekte med 15 cm jord.

Kvifor hyppar vi potetene?

Dette er dei fire viktigaste måla med å hyppe potetene:

1. Forhindre at potetknollane veks fram i lyset

Dersom potetknollane veks ut av drillen og blir utsette for lys, blir dei grøne og dannar det giftige stoffet solanin. Når knollutviklinga startar, treng potetplantene meir plass i jorda, og med hypping løfter vi meir jord opp på drillen og dekker knollane godt.

2. Forhindre at ugras tek overhand i potetåkeren

Mellom drillane, i fora, vil det vekse opp ugras. Hypping er effektivt både mot frøugras og fleirårig ugras. Små spirar av frøugras vil med god hypping bli dekte av jord og døy. Dei som er litt større, blir rivne opp og tørkar ut på overflata dersom vi hyppar under rette forhold.

3. Verne knollane mot tørrotesmitte

Tørròtesoppen blir spreidd med sporar, og med god hypping unngår vi at sporane angrip potetknollane direkte. Dersom det kjem sporar med smitte i åkeren, er det betre at dei treffer blada enn direkte på knollane. Blir blada angripne, tek det tid før smitten går ned i knollane, og forhåpentleg får vi hausta potetene før knollane blir øydelagde.

4. Verne potetene mot frost

Jord isolerer mot frost. Knollar som er dekte med 15 cm jord, er betre verna mot frost enn dei som berre har eit tynt lag med jord over seg.

Når hyppar vi?

Det blir tilrådd å hyppe minst to gonger i løpet av sesongen, første gong når potetriset er 10 cm høgt. Når potetriset er 20–30 cm høgt, bør vi ta ei grundig slutthypping. Då dekker vi potetknollane med eit godt lag jord som vernar mot lys, frost og tørrotesporar. Når potetriset har blitt høgare enn dette, gjer hypping meir skade enn nytte.

Vi bør hyppe når det er relativt tørt, gjerne med tørkevêr eit par dagar etter. Då vil ugraset vi losnar frå jorda, tørke ut og døy.

Oppgåve

Er påstandane sanne eller usanne?

Kjelder

Bø, O. & Mæhlum, J. E. (2023, 24. august). Potetdyrking. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/potetdyrking

Fagforum Potet. (u.å.). Dyrkingsveiledning, generell for alle potetsorter. Henta 29. februar 2024 frå https://potet.no/media/userphotos/Dyrkveil_allesorter.pdf

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 29.02.2024