Tørrote og andre potetsjukdommar
Potettørrote blir rekna for å vere den viktigaste sjukdommen på potet både i Noreg og i verda elles. Det er ein soppliknande organisme som i verste fall kan øydelegge heile avlinga. Tørrote finst over heile Noreg der det blir dyrka potet. Soppen kan òg angripe tomat.
Korleis spreier tørrotesoppen seg?
Tørrote spreier seg med sporar som kan fraktast med vind over lange avstandar frå potetåker til potetåker. Soppen kan òg overvintre i smitta poteter i jorda eller i poteter som er kasta i komposten. Dersom du tek setjepoteter frå fjorårsavlinga, kan desse vere smitta, derfor er det viktig at du kjøper sertifiserte setjepoteter som er garanterte friske.
Korleis opptrer tørrote?
Det første synlege teiknet på at potetplantene dine er angripne av tørrote, er brune flekkar på bladverket. På undersida av bladet blir det danna eit grått belegg. Dette er sporane til soppen. Soppen spreier seg vidare inn i stenglar, og viss forholda er gunstige for soppen, vil alt det grøne på potetplantene rotne. Som namnet tilseier er dette ein tørr rote, vanlegvis tenker vi på rote som blaut og klissen, men slik er altså ikkje tørrote.
Etter kvart blir knollane angripne, og det blir danna brunaktige flekkar eller område på dei. Dette spreier seg vidare inn i knollane, og dette held òg fram etter hausting. Når tørroten først har spreidd seg til knollane, er det svært lite vi kan gjere.
Korleis nedkjempe tørrote?
Det er ikkje mogleg å få bukt med tørrotesoppen når han først har komme inn i åkeren vår. Men vi kan gjere tiltak for å forhindre at soppen får gode vilkår, og planlegge slik at vi får hausta knollane før dei blir øydelagde av soppen.
Bruk sertifiserte setjepoteter. Kjøp setjepoteter som er garanterte friske og fri for smitte i staden for å bruke setjepoteter frå eiga avling.
Bruk mest mogleg resistente sortar. Det finst sortar som er meir resistente mot tørrote enn andre.
Lysgro potetene før setting. Lysgroing gir tidlegare modning, og du får hausta før knollane blir angripne.
Vekstskifte. Ikkje dyrk poteter på same stad år etter år, det aukar faren for smitte i jorda.
God hypping. God hypping gjer at knollane blir godt dekte med jord, og dette forhindrar soppsporane i å angripe knollen direkte.
Tidleg setjing. Får du sett potetene tidleg, kan du hauste tidleg og helst før knollane blir angripne.
Kjemisk behandling med plantevernmiddel. Det finst kjemiske plantevernmiddel som kan sprøytast førebyggande. Om soppen først er i åkeren, finst det i dag ingen middel som tek livet av soppen.
Virus
Det finst mange virussjukdommar som kan angripe potet. Har du virus i potetåkeren, vil det vise seg ved redusert vekst og at blada krøllar seg og ofte får brune flekkar. Vanlegvis startar det i små område på åkeren, kanskje berre enkeltplanter. Avlinga blir lite påverka det første året, men blir redusert år for år etter kvart som viruset spreier seg. Dersom du ser enkeltplanter i åkeren din som har tydeleg misvekst, kan det vere lurt å fjerne desse for å forhindre vidare smitte. Bruk sertifiserte setjepoteter, desse er fri for virussmitte.
Det finst eit utal variantar av skurv på potet. Nokre er forårsaka av bakteriar, andre av sopp. Skurv viser seg som blærer, flekkar eller misfarging på skalet. Kvaliteten på knollane kan bli dårlegare, og dei ser ikkje så freistande ut på middagsbordet. Vanlege skurvtypar som gir skade på potetene her i landet, er svartskurv, blæreskurv, flatskurv, vorteskurv og sølvkorg.
Blautrote er forårsaka av bakteriar. Skadane av blautrote er først og fremst eit problem etter at potetene har blitt hausta og ligg lagra. Mellom anna blir potetknollar som har fått sår under hausting, angripne. Inne på lageret spreier roten seg til andre knollar i lagerkassane.
Stengelrote er ein variant blautrote der bakteriane angrip nedre del av stengelen ute på åkeren. Dårleg drenert og fuktig jord aukar sjansen for stengelrote. Førebyggande tiltak mot blautrote er å bruke friske setjepoteter, luke bort angripne plantar i åkeren, ha god drenering, behandle potetene varsamt ved opptak og ha gode lagringsforhold.