Hopp til innhald
Fagartikkel

Jordarbeiding, gjødsling og setjing

Skal du dyrke potet, må du tenke litt annleis når det gjeld både jordarbeiding og gjødsling enn når du skal dyrke korn. Potetknollane treng stor plass for vekst og utvikling i jorda, og gjødslar du feil, får du mykje av det grøne potetriset over bakken og små og få potetknollar i jorda.

Jordarbeiding

Potetene trivst best i godt drenert, laus jord med god struktur. Det betyr at vi må harve djupt, helst 20–30 cm ned. Mange nyttar òg fres for å få luftig jord. Du må vere litt tolmodig på våren slik at jorda er lagleg før du startar med jordarbeidinga. Startar du for tidleg, blir det mykje klumpar, og sjansen for jordpakking aukar.

Korleis sjekke om jorda er lagleg?

Du kan sjekke om jorda er lagleg ved å lage ein ball av jorda og sleppe han ned mot til dømes ein spade. Dersom han smuldrar lett opp, er jorda lagleg for jordarbeiding. Du kan òg prøve å smuldre ballen du har laga, med hendene.

Jordtypar

Potet kan dyrkast i all slags jord, men nokre jordtypar er betre eigna enn andre. Den beste potetjorda er utan stein, godt drenert, har god struktur og gir god tilgang på både luft og vatn.

  • Stiv leirjord eignar seg dårleg, både fordi ho er litt kompakt og fordi mykje jord klistrar seg til potetene og blir med inn på lager. Dette svekker lagringsevna for potetene.

  • Sandjord er i utgangspunktet næringsfattig og tørkesvak, så her må du følge godt med på næringsstatusen og behovet for vatning.

  • Morenejord med mykje stein kan eigne seg, men krev litt meir arbeid fordi stein må fjernast anten ved manuell plukking eller maskinelt. Mykje stein aukar sjansane for deformerte eller øydelagde knollar.

Gjødsling

Utgangspunktet for kor mykje du skal gjødsle, avheng av næringsstatusen i jorda og kor stor avling du forventar. Du får mest effekt av gjødsla viss ho blir plassert så nær setjepotetene som mogleg.

Balansert gjødsling

Vi ønsker ei balansert gjødsling, det betyr at plantene får tilgang på den næringa dei forbruker gjennom sesongen. Du må altså tilføre meir gjødsel i næringsfattig jord enn i næringsrik jord for å oppnå same avling. Det er økonomisk lite gunstig å gjødsle meir enn behovet, dessutan aukar det risikoen for avrenning av næringsstoff ut i bekkar og vassdrag, noko som er uheldig for miljøet. For lite gjødsling kan gi både dårleg avling og nedsett kvalitet.

Jordanalyse og forventa avling

Ein jordanalyse fortel deg kva som finst av næring i jorda. Kor stor avling du kan forvente, kjem an på både klima, vekstforhold og sort. Det blir enklare å anslå forventa avling når du får litt erfaring og blir kjend med jorda og vekstforholda der du bur.

Deltgjødsling

Det er enklare å oppnå balansert gjødsling dersom du fordeler den totale gjødselmengda på fleire tidspunkt i sesongen. Dette blir kalla deltgjødsling og har etter kvart blitt vanleg både i potet- og korndyrking. Det generelle rådet er å tilføre omtrent 2/3 av den totale gjødselmengda ved setjing, resten tilfører du når potetplantene begynner å danne knollar. Då veit du meir om kor stor avling du kan forvente, og du kan gjødsle ut frå det. Det kan òg vere aktuelt å fordele gjødsla i tre omgangar: ved setjing, spiring og knolldanning.

Kor mykje skal du gjødsle?

Vi bestemmer ofte mengda gjødsel vi skal tilføre, ut frå mengda nitrogen vi ønsker. Gjødseltypane er sette saman slik at mengda av dei ulike næringsstoffa står i forhold til kvarandre etter behovet til plantene. Gjødseltypar til potet inneheld normalt meir kalium enn nitrogen fordi kalium er viktig for utvikling av potetknollane. For mykje nitrogen til potetplantene gir stort og kraftig potetris, men få og små potetknollar.

Ei normal gjødsling til potet ligg mellom 8 og 10 kg nitrogen per dekar i ein vekstsesong. Har du valt ein gjødseltype som er sett saman for potet, får du samtidig tilført rundt 13–15 kg kalium per dekar.

Bruk av husdyrgjødsel i potet

I økologisk potetdyrking bruker vi husdyrgjødsel eller pellets godkjent for økologisk dyrking. I husdyrgjødsla blir næringa frigjord relativt seint i sesongen, så seint at potetplantene kan vere i ferd med å avslutte veksten. Store mengder husdyrgjødsel kan derfor vere uheldig. Det blir tilrådd 1–3 tonn husdyrgjødsel per dekar. Bruk minste mengde om du har husdyrgjødsel frå småfe då denne er rik på både nitrogen og kalium. Med gjødsel frå storfe kan du gi litt meir. Hønsegjødsel er ikkje tilrådd fordi ho er svært nitrogenrik.

Potetsetjing

Potane kan du setje både maskinelt og manuelt. Det finst potetsetjarar som kan setje og gjødsle fleire rader samtidig når dei er monterte på traktor. Har du eit mindre areal med potet, kan du grave dei ned sjølv.

Vi bør vente til temperaturen i jorda er rundt 8 gradar før vi set potetene på våren.

Setjedjupne

Potetene skal setjast 3–4 cm under flatt land. Med flatt land siktar ein til at radene er jamna ut. Setjepotetene i rada vil då vere dekte med 7–8 cm jord.

Setjeavstand

Setjeavstanden er avstandane mellom potetene på same rad. Avstanden varierer med sort, men 25–30 cm er vanleg.

Radavstand

Avstanden mellom radene må tilpassast traktoren og utstyret du har. Vanleg radavstand er 75–90 cm.

Dyrking av tidlegpotet

Skal du dyrke tidlegpotet, er det ein fordel å dekke med plast eller fiberduk straks etter setjing. Dette hever jordtemperaturen og gir raskare spiring og vekst. I Noreg blir dei første tidlegpotetene gjerne sette i mars, og i dei beste sesongane blir dei hausta allereie i mai. Vanlegvis er det potetdyrkarar i Agder eller på Jæren som er først ute.

Fiberduk- eller plastdekket ligg på gjennom det meste av sesongen. Nedanfor har vi samanlikna plast og fiberduk som dekke for tidlegpotet.

  • Plast gir høgare temperaturauke enn fiberduk på dagtid.

  • Når plantene blir store, trivst dei betre under fiberduk enn under plast.

  • Plantene er meir utsette for frost og skadeleg varme under plast enn under fiberduk.

  • Fiberduk kan ligge på lenger ut i sesongen enn plast.

Du kan bruke to lag fiberduk, dette vernar godt dersom du får svært låge nattetemperaturar. Forsøk har vist at med temperatur på –6,8 gradar, vart det målt –1,1  gradar under to lag fiberduk, mens temperaturen under eitt lag var –5,2 gradar på det lågaste.

Oppgåve

Svar på spørsmål om jordarbeiding og gjødsling av potet.

Kjelder

Bysveen, K. (2023, 10. mai). Jordarbeiding og jordstruktur til potet. Fagforum potet. https://potet.no/fagartikler/potet/jord/innlandet/jordarbeiding-og-jordstruktur-til-potet

Bysveen, K. (2022, 13. april). Når er jorda laglig for jordarbeiding? Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/fagartikler/jord/jordstruktur/innlandet/nar-er-jorda-laglig-for-jordarbeiding

Bø, O. & Mæhlum, J.E. (2023, 24.august). Potetdyrking. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/potetdyrking

Fagforum potet. (2023, 2. mai). Tips til gjødsling av potet. https://potet.no/fagartikler/potet/gjodsling/ostlandet/tips-til-gjodsling-av-potet

Fagforum potet. (2021, 24. mars). Dyrking av de beste økologiske potetene. https://potet.no/fagartikler/potet/drenering/potet/dyrking-av-de-beste-okologiske-potetene-2

Leidal, S. (2022, 27. april). Plast og fiberduk i tidligpotet. Fagforum potet. https://potet.no/fagartikler/potet/sor/status-tidligpotet

Norsk Landbruksrådgiving. (u.å.). Dyrkingsveiledning, generell for alle potetsorter. Henta 27. februar 2024 frå https://potet.no/media/userphotos/Dyrkveil_allesorter.pdf

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024