Hopp til innhald

Fagstoff

Avlspurker

Viss du driv med smågrisproduksjon, er du avhengig av å ha gode mordyr. I Noreg blir desse purkane avla opp i spesielle avlsbesetningar. Når avlspurkene er fire–fem månader gamle, blir dei fleste selde til andre besetningar for å bli mødrer til nye kull med grisungar.
Fjeset til ei purke som ligg i bingen. Ein grisunge går rett forbi trynet til mora, og fleire grisungar går rundt i bingen. Foto.

Syklusen til avlspurka

Ei avlspurke får som regel to kull med grisungar i løpet av året. Frå purkene blir kjønnsmodne, består livet deira av drektigheit, smågrisperiode og ein kort tomperiode før neste drektigheit. For å ta best mogleg vare på purkene må du vite kva krav dei stiller til miljøet sitt, og kva slags fôr og stell dei treng for å halde seg friske.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke. Første periode er på ei veke og går frå avvenning til inseminering. Deretter er purka drektig i 115 dagar før grising, så går ho inn i ein smågrisperiode på 5 veker. Då startar ein ny runde med avvenning, inseminering, ny drektigheitsperiode og slik held det fram. Illustrasjon.

Inseminering

Ei purke kjem i brunst med 21 dagars mellomrom. Dei fleste som driv med gris i dag, har fleire purker som er på same stadium i syklusen samtidig, slik at insemineringa er konsentrert til korte periodar.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke med utheving av  perioden inseminering. Illustrasjon.

Korleis få ei purke til å vise brunst?

Eit skifte i miljøet er viktig for at purkene skal komme i brunst, og dei fleste purkane vil komme i brunst dei første 5 til 7 dagane etter avvenning. Ved avvenning flytter du purkene bort frå grisungane og inn til ein fellesbinge med andre purker. Det er vanleg å avvenne fleire purker samtidig og samle dei i ein binge.

Drektigheit

Purka går drektig i omtrent 115 dagar. I denne perioden vil ho stort sett berre ete og sove. Det er vanleg med automatisk utfôring av kraftfôr to gonger om dagen. I tillegg skal dei ha grovfôr i drektigheitstida.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke med drektigheitsperiode utheva. Illustrasjon.
Kraftfôrautomat til purker. Fleire behaldarar med kraftfôr monterte på fjøsinnreiing. Foto.

Grovfôr er viktig

Dei fleste purkene treng ikkje så mykje energi i drektigheitsperioden, og dei får berre mellom to og fire kilo kraftfôr i løpet av eit døgn. Dette er altfor lite til at purka kjenner seg mett, sjølv om ho får dekt næringsbehovet sitt. Derfor er det veldig viktig at drektige purker får grovfôr i tillegg til kraftfôret! Du kan bruke både surfôr og høy. Ferskt gras er dei veldig glad i, så det kan du òg gi dei sommarstid.

Høy

Viss du skal bruke høy, bør det ikkje vere for grovt. Tilpass mengda etter kor mykje purkene et. Viss det blir for mykje sånn at dei trakkar det ned i bingen, blir det mykje jobb å skrape han rein.

Seks purker ligg og søv saman i ein binge. Bingen er strødd med sagflis. Ei metallkorg med høgy heng over bingeskiljet. Det er to vindauge over purkene, og ein ventil for luftinntak mellom vindauga. Foto.

Surfôr

Du kan bruke både silo og rundballe av god kvalitet til purkene dine. Det er ein fordel viss fôret ikkje er for blautt, og du bør ikkje gi meir enn det purkene klarer å ete opp. Viss surfôr blir liggande for lenge, kan det gå ut over kvaliteten. Dette må du vere klar over så du ikkje fôrar purkene med skjemt fôr.

Halm

Halm eignar seg ikkje som einast grovfôr til drektige purker, men kan godt brukast som strø eller rotemateriale i bingen.

Stereotyp åtferd

Purker som får for lite grovfôr, vil vere svoltne store delar av døgnet, og då blir dei veldig frustrerte. Som ein reaksjon på svolt og manglande aktivitet vil dei begynne å vise teikn til stereotyp åtferd. Stereotyp åtferd er åtferd som ikkje gir meining, og det er eit signal om at dyra ikkje får dekt dei naturlege behova sine. Eit døme på stereotyp åtferd er at purkene står og bit i innreiinga.

Gris som bit på innreiinga i eit grisefjøs. Foto.

Grising

Ei veke før grising må purkene flyttast til ein godt reingjord fødebinge. Det er viktig at purka får tilgang på rotemateriale i fødebingen slik at ho får utføre reirbygging før grisinga. Dei fleste purkene klarer grisinga på eiga hand og treng berre å få vere i ro, men du må alltid følge med så du kan hjelpe til viss det trengst.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke med utheving av perioden grising. Illustrasjon.

Smågrisperioden

Når grisinga er overstått og alle grisungane har fått i seg råmjølk, er det framleis viktig å følge godt med på både purka og grisungane dei første dagane. Purka kan bli sjuk, og det går ut over grisungane fordi dei får mindre mjølk. Faren for infeksjon er størst viss purka har fått fødselshjelp, så du bør vere ekstra merksam viss det er tilfellet.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke med utheving av perioden smågrisperiode. Illustrasjon.

Purka og grisungane skal vere saman i minst 28 dagar etter fødselen, og det er vanleg at dei går saman i 33–35 dagar. Viss du driv økologisk, skal dei gå saman til grisungane er minst 40 dagar gamle.

Avvenning

Avvenning er det same som å skilje purka frå grisungane. Det er viktig at grisungane har lært seg å ete kraftfôr og drikke vatn før avvenning, og dei bør få halde fram med å bu i sitt vane miljø når mora blir teken frå dei.

Tidslinje med periodar i livet til ei purke med utheving av perioden avvenning. Illustrasjon.

Fellesbinge

Når du har fleire purker som skal avvennast samtidig, er det vanleg å samle dei i ein fellesbinge. Sjølv om purkene har gått saman før, må dei bli kjende med kvarandre på nytt etter å ha vore i fødebingane, så det blir ein del slåssing før rangordenen er på plass igjen.

Brunst

Samtidig som purkene kjempar om plassen sin i flokken, er vi tilbake på starten av syklusen, dei kjem i brunst og blir inseminerte i løpet av ei vekes tid.

Kjelder

Svineportalen. (2018, 30. mai). Grovfôr til purker – et kinderegg i svineproduksjon. https://svineportalen.no/grovfor-til-purker-et-kinderegg-i-svineproduksjon/

Svineportalen. (2018, 30. mai). Praktisk bruk av grovfôr til purker. https://svineportalen.no/praktisk-bruk-av-grovfor-til-purker/

Relatert innhald

I god tid før grisungane kjem, må du flytte purka til ein reingjord fødebinge. Når grisinga startar, må du følge med, sånn at du kan hjelpe til ved behov.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av purker