Hopp til innhald

Fagstoff

Fødselshjelp

Det beste er om purkene greier seg sjølve under fødselen, for det er alltid ein risiko for infeksjonar i børen (livmora) når du skal gi fødselshjelp. Men viss fødselen tek for lang tid fordi ein grisunge ligg feil, kan både han og fleire kolsøsken døy, så du må vite kva du kan gjere for å hjelpe.
Ei purke ligg i ein binge og ammer mange nyfødde grisungar. Foto.

Fødselshjelp

Viss det går lang tid før neste grisunge kjem sjølv om du ser at purka har vear, kan du starte med å få purka opp på beina. Det å få purka til å snu på seg kan vere nok til at ein grisunge som ligg feil, rettar seg opp. Og då er fødselen i gang igjen. Dei gongene dette ikkje hjelper, må du inn og undersøke fødselsvegane.

Når bør du undersøke purka?

Det kan vere vanskeleg å avgjere om det er på tide med fødselshjelp, så her er nokre gode råd om når det kan vere på tide å undersøke fødselsvegane:

  • Purka har vist tydelege teikn på at ho skal grise utan at det skjer noko meir.

  • Purka er svært uroleg i meir enn 3–4 timar utan at fødselen kjem i gang.

  • Purka har sterke vear i meir enn 1–2 timar utan at det har komme grisungar.

  • Det har gått meir enn 1 time sidan førre grisunge, og du ser at purka framleis har vear.

  • Etterburden kjem normalt etter siste grisunge, så viss det går meir enn 3–4 timar frå siste grisunge utan at du ser etterburden, bør du undersøke om det er fleire grisungar.

  • Unormal lukt eller utflod frå kjønnsopninga kan vere eit teikn på at noko er gale.

Hygiene

God hygiene er veldig viktig når du skal gi fødselshjelp. Viss du ikkje er nøye med reinhaldet, vil du dra med deg bakteriar og andre skadelege mikroorganismar inn i fødselsvegane. Då kan purka bli veldig sjuk, noko som òg går ut over grisungane fordi purka ikkje klarer å produsere nok mjølk til dei.

  1. Vask rundt kjønnsopninga med lunka vatn. Du kan bruke ei mild såpe (sur eller pH-nøytral), så lenge du skyl ho godt av.

  2. Vask hendene og armane dine med vatn og såpe heilt opp til skuldra.

  3. Bruk lange hanskar, alltid ny hanske for kvar purke.

  4. Rikeleg med glidemiddel er viktig for å lette arbeidet og skåne slimhinnene til purka.

Framgangsmåte

Når du har vaska både bakparten til purka og deg sjølv godt, må du passe på å halde deg rein heilt til du er ferdig med å hjelpe til!

  • Pass på at halen til purka ikkje forureinar armen din. Viss de er fleire, kan ein medhjelpar halde i halen.

  • Jobb i takt med veane til purka når du fører armen innover, ikkje press handa hardt innover samtidig som purka pressar ut! Du kan skade slimhinnene til purka viss du ikkje er varsam.

  • Pass på å halde armen din rein heile tida, og ta ut alle grisungane du får tak i.

  • La purka få vere i fred i ein halvtime etter at du har vore inne og teke ut grisungar.

  • Av og til må du kanskje inn ein gong til, og då er det framleis like viktig å hugse på hygienen.

Film om grising og fødselshjelp (3.02)

Oppgåve

Kjelde

Animalia. (2013). Redd en spedgris [Studiehefte].

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av purker