Hopp til innhald
Fagartikkel

Fôrplan for avlspurker

Fôrbehovet hos ei avlspurke avheng av om ho er drektig, eller om ho skal produsere mjølk til grisungane. Ei purke som ikkje skal produsere mjølk, treng lite energi i fôret, og du må passe på at ho ikkje blir for feit. Ei purke som produserer mjølk, må ha mykje energi for ikkje å tape for mykje hald.

Vatn

Ei purke treng 4 liter vatn for å produsere 1 liter mjølk, så du må sjekke at drikkeniplar og drikkekar har god nok kapasitet. Viss vatnet renn for sakte, vil purka "gi opp" før ho er utørst, noko som i neste omgang vil føre til at ho ikkje klarer å ete så mykje kraftfôr som ho treng. Då kan det bli for lite mjølk til grisungane.

Vassbehov hos purker (kjelde: Fôringsanbefalinger TN70)

Stadium i livet til purka

Vassbehov, liter pr dag

Anbefalt kapasitet

Ungpurker7–12minst 1 l/min
Drektigheitstid20–40minst 1,5 l/min
Dieperioden25–50minst 4 l/min

Fasefôring

Fasefôring betyr at du tilpassar fôringa etter syklusen til purka og bruker ulike fôrblandingar som er laga for å dekke næringsbehovet i dei ulike periodane. Dei ulike fôrprodusentane har sine eigne spesialfôr som er tilpassa ulike behov hos dyra.

Fôring i drektigheitsperioden

Haldjustering

Første del av drektigheitstida bør du bruke til å justere haldet, og det kan vere lurt å gruppere purkene etter hald i denne perioden. Viss du ikkje har høve til å setje purkene i skilde bingar, kan du bruke merkestift på dei purkene som treng litt ekstra energi, og gi dei litt ekstra under fôringa.

Vedlikehald

Omtrent 35 dagar ut i drektigheita bør purkene vere i normalt hald, og då treng dei berre nok næring til å dekke vedlikehaldsbehovet. For at purkene skal kjenne seg gode og mette, er det veldig viktig at dei får grovfôr! Grovfôret vil òg bidra til betre helse i fordøyingssystemet til purkene.

Overgangsfôring

Dei siste 3–4 vekene før grising kallar vi overgangsfasen. Då aukar behovet til purka for næringsstoff fordi fostera blir større samtidig som jurvevet begynner å utvikle seg. Du bør anten gi purkene meir fôr desse vekene eller skifte til eit meir næringsrikt fôr. I staden for å auke eller byte ut drektigheitsfôret kan du velje å begynne med litt diefôr som tillegg, for å sikre at purka får dekt næringsbehovet fram mot grising.

Det er framleis viktig at purkene får rikeleg med grovfôr for å sikre at dei har god plass i magesekken til å ta opp endå meir fôr etter grising.

Fôring i dietida

Dietida startar når fødselen er i gang, og då aukar fôrbehovet fordi purka skal produsere mjølk til grisungane. Etter grising skal du auke fôrmengda litt kvar dag.

Fôrmengde

Det er viktig å auke fôrmengda ganske sakte. Det er tilrådd å bruke 8 dagar på å auke frå rundt 2 til 6–7 kg kraftfôr per dag. Altså bør du auke kraftfôrmengda med omtrent 0,5 kg per dag til du kjem opp i den mengda purka treng. Mjølkeproduksjonen er ganske låg den første veka, før ho aukar raskt i takt med at grisungane veks. Frå den andre veka i dietida skal purkene fôrast etter appetitt, så du må justere fôrmengda for kvar enkelt purke. Nokon kan ha behov for meir enn 6–7 kg kraftfôr, mens andre treng mindre.

Fôreining netto (FEn)

Når vi snakkar om fôring av gris, bruker vi ofte uttrykket FEn. Fôreiningar blir brukte som mål på mengda energi i fôret, og 1 FEn svarer til energimengda i 1 kg bygg (som er 8,8 megajoule).

Film om tilleggsfôring av purker og smågris (2:24)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Kjelder

Felleskjøpet Rogaland Agder. (2019). Kraftfôr til purker [brosjyre]. https://issuu.com/fkra/docs/format_purkebrosjyre

Mattilsynet. (2021, april). Veileder om hold av svin. https://mattilsynet-xp7prod.enonic.cloud/_/attachment/inline/f8225ebd-432e-4a42-afb0-2ece58cdaa99:b51bdbb3bf49355624fbb7ce4d844e13f45fcc75/veileder_hold_av_svin.pdf

Norgesfôr. (2021). Fôring av purker [brosjyre]. https://www.norgesfor.no/wp-content/uploads/2021/09/purkebrosjyre-a5-2021-web.pdf

Norsvin. (2023, 30. november). Fôringsanbefalinger TN70 [brosjyre]. https://norsvin.no/wp-content/uploads/2024/01/TN70-foringsmanual_nov.2023_3.pdf

Svineportalen. (2018, 30. mai). En fôrenhet er ikke en fôrenhet. https://svineportalen.no/en-forenhet-er-ikke-en-forenhet/

Svineportalen. (2018, 30. mai). Fôring for maksimal melkeytelse. https://svineportalen.no/foring-for-maksimal-melkeytelse/

Relatert innhald

Fagstoff
Avlspurker

Viss du driv med smågrisproduksjon, er du avhengig av å ha gode mordyr. Dei fleste griseprodusentane kjøper avlspurkene frå godkjende avlsbesetningar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024