Hopp til innhald

Fagstoff

Grising

I god tid før grisungane kjem, må du flytte purka til ein reingjord fødebinge, slik at ho får bli kjend med bingen og utføre den normale åtferda si før grisinga startar. Under fødselen er det viktig at purka får ro, men det er òg veldig viktig å passe på, sånn at du kan yte fødselshjelp ved behov!
Purke ligg på sida og føder samtidig som bonden hjelper grisungar til å die. Foto.

Fødebinge

Sidan purkene i eit fjøs ikkje har høve til å trekke seg bort frå flokken før grising, må du som bonde sørge for å flytte purkene til ein eigen og skjerma plass i god tid før fødselen.

Ein fødebinge skal ha eit totalareal på minst 6 m2 og vere minst 1,8 meter brei. Det skal òg vere ein eigen og skjerma plass for smågrisane i bingen. Han er som regel plassert i eit hjørne, og vi kallar det eit smågrishjørne.

Visste du at ...

Ifølge det norske regelverket er det ikkje tillate å fiksere gris? Alle grisar skal kunne bevege seg fritt rundt i bingen. Under fôring, ved veterinærbehandling eller viss dyra er spesielt urolege, kan du fiksere purkene i korte periodar, men det er aldri lov å binde fast grisar!

Reirbygging

Purka har eit sterkt behov for å bygge reir når grisinga nærmar seg, så du må gi ho tilgang til halm eller høy i god tid før fødselen. Du kan anten strø halmen eller høyet laust i bingen eller henge det i ein fôrhekk på bingeveggen sånn at ho kan plukke det ho treng, derifrå.

Reirbygginga startar fleire timar før fødselen, og purkar som ikkje får materiale til å utføre denne åtferda, kan bli veldig frustrerte og stressa, noko som kan verke inn på både fødselsforløpet og morsåtferda.

Bonde har teke tak i ein rektangulær halmballe som ligg i ein stor haug med halmballar. Foto.

Grising

Ei purke går drektig i omtrent 115 dagar, og ein god hugseregel er tre månader, tre veker og tre dagar. Når fødselen nærmar seg, vil jurkjertlane fyllast, og du kan klemme ut litt mjølk frå dei fremste spenane. Kjønnsleppene kan òg bli raudare og litt hovne. Sidan purkene er veldig aktive med reirbygging rett før grising, er det ikkje unormalt at kroppstemperaturen aukar. Temperaturen kan auke opp mot 39 oC, og purkene vil puste fortare for å kvitte seg med ekstra varme.

Normal fødsel

Ein normal fødsel tek mellom to og fem timar, med 15–25 minutt mellom kvar grisunge. Når purka grisar lett og fødselen går som han skal, bør ho få vere i fred.

Hos purker ser vi som regel ikkje så veldig sterke vear, du merke ofte berre at dei slår litt med halen før det kjem ut ein grisunge. Når alle grisungane er fødde, kjem etterburden i løpet av to til fire timar.

Problem under fødselen

Av og til kan fødselen stoppe opp. Det kan vere fleire grunnar til at dette skjer:

  • svake vear. Det kan komme av stress før eller i samband med fødselen.

  • feilstilling eller at grisungen er for stor. Det hender òg at to grisungar kjem samtidig til fødselsopninga.

  • død grisunge i fødselsvegen: Ein død grisunge vil ikkje ha rørsler som stimulerer veane, og derfor er han tyngre for purka å presse ut.

  • for mykje fôr rett før grising. Dette kan føre til at dei oppfylte tarmane tek opp mykje plass i fødselsvegen, sånn at det blir tyngre å presse ut grisungane.

Viss det oppstår problem under fødselen, må du vite kva du skal gjere for å unngå at grisungane døyr. Sjølv om det som regel er best for purka å klare fødselen på eiga hand, vil det i dei fleste fjøs oppstå tilfelle der du må hjelpe til under fødselen. Det kan du lære meir om i artikkelen som handlar om fødselshjelp.

Kjelder

Animalia (2013). Redd en spedgris [Studiehefte].

Forskrift om hold av svin. (2003, 18. februar). Forskrift om hold av svin. (FOR-2003-02-18-175). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2003-02-18-175

Sakshaug, A. (1998). Svineproduksjon. Landbruksforlaget.

Relatert innhald

Viss fødselen tek for lang tid fordi ein grisunge ligg feil, kan både han og fleire kolsøsken døy, så du må vite kva du kan gjere for å hjelpe til.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2023

Læringsressursar

Fôring og stell av purker