G-kode for rekkert: radiuskommando
G-kode og aksar
G-kode er eit standardisert programmeringsspråk for bruk på mellom anna CNC-maskiner. Koden består av kommandoar som angir om maskina skal gjennomføre ei rettlinja eller sirkulær rørsle, og kommandoar som aktiverer eller deaktiverer funksjonane til maskina. I tillegg må koden innehalde koordinatane til punktet maskina skal bevege seg til.
Vi programmerer rørsla til fresen ved å angi koordinatar i X-og Y-aksen. I tillegg bruker vi Z-koordinaten for å angi kor djupt maskina skal frese. Maskina jobbar altså i tre dimensjonar.
Når vi er i gang med å frese ut rekkerten, er fresedjupna den same gjennom heile prosessen. Derfor må vi først og fremst programmere X-og Y-koordinatane. Z-verdien forandrar seg ikkje.
Programmeringsverktøy
Skal du skrive ein G-kode, treng du berre eit enkelt tekstbehandlingsprogram som kan lagre fila som ei txt-fil. Dei aller fleste simulatorane og maskinene les txt-filer, og du kan vanlegvis overføre fila frå pc-en din til maskina via nett eller USB-pinne. Viss maskina ikkje les txt-filer, må du programmere direkte på skjermen til maskina.
Grunnleggande kode
CNC-fresen må ha nokre grunnleggande kodelinjer for å kunne fungere. Viss du ikkje kjenner til desse kodane, kan du lese meir om dei i ein eigen artikkel:
Relatert innhald
Grunnleggande kode for fresing av rekkert
N10 O (programnamn)
N20 M06 T01
N30 M03 S2000
N40 G54 G00 G90 G17
N50 X0 Y0
N60 G43 H01 Z1 M08
N70 G01 F50 Z.1
.......
FRESEBANE: kodelinjer med koordinatar og rørslemønster
.......
N1000 G00 Z10
N1010 G00 X0 Y0
N1020 M30
Programmering av kontur
Når vi skal frese eit mønster, må vi fortelje CNC-maskina kva koordinatar ho skal flytte seg mellom, om rørsla skal vere rettlinja eller bogeforma, og om ho skal vere rask eller langsam.
Rørsla til fresen blir til slutt eit mønster, ein kontur. Konturen er grunnlaget for verktøybanen til CNC-maskina.
Koordinatpunkt
Til denne oppgåva har vi allereie målsett alle koordinatpunkta. Du finn måla i filvedlegget nedanfor.
Filer
Nokre forklaringar til koden
Vi forklarer her berre programmeringa av dei første linjene i koden for konturen slik at du får ei forståing for korleis du skal programmere vidare.
Rørsle frå maskinnullpunkt til programnullpunkt
Først må vi bevege skjereverktøyet til programnullpunktet. Dette punktet er i nedre venstre hjørne av arbeidsemnet og har koordinatane X0 Y0. Vi bruker kommandoen G00 fordi vi vil flytte skjereverktøyet raskt. Samtidig kan vi flytte det til ein sikker avstand over arbeidsemnet, til dømes 10 millimeter. Då blir Z-verdien Z10. Det gir denne kodelinja:
G00 X0 Y0 Z10
Vi kan så flytte skjereverktøyet ned mot arbeidsemnet, men for å vere sikker på at det ikkje skjer nokon kollisjon, gjer vi dette med kontrollert fart og bruker kommandoen G01. Fordi CNC-maskina er veldig nøyaktig, er det nok å stoppe 0,1 mm over arbeidsemnet. Koden blir då:
G01 Z0.1
Rørsle frå programnullpunkt til rett over startpunkt
Vi vil at rørsla frå programnullpunkt til rett over startpunkt skal vere ei rettlinja rørsle, for då kan maskina bevege seg med stor fart. Vi bruker G00, koden for rask rørsle. Koordinatane maskina skal flytte seg til, er X76 Y0. Høgda over arbeidsemnet skal framleis vere den same, derfor treng vi ikkje forandre Z-koordinaten. Kodelinja blir slik:
G00 X76 Y0
Rørsle ned i materialet
Skjereverktøyet er no 0,1 mm over startpunktet for programmet, som er punkt 1 på teikninga. Når maskina skal begynne å skjere, må vi justere farten etter materiale og verktøy og må derfor bruke kode G01.
Det er koordinatverdien på Z-aksen som avgjer kor langt fresen skal bevege seg ned i materialet. Z-verdiane for rørsle ned i materialet er negative verdiar. Både fresedjupna vi ønsker oss, og materialtjukna har noko å seie for koordinatverdien vi må velje. I dette dømet har vi sett fresedjupna til 4 mm. Z-verdien blir då –4, og kodelinja blir som følger:
G01 Z-4
Rørsle frå punkt 1 til punkt 2
Frå punkt 1 til punkt 2 skal det vere ei rettlinja rørsle med styrt fart. Vi nyttar då G01. Punktet vi skal bevege oss til, har koordinatane X107.4 Y0. Skjeredjupna er framleis den same. Kodelinja ser då slik ut:
G01 X107.4 Y0
Rørsle frå punkt 2 til punkt 3
Rørsla frå punkt 2 til punkt 3 er ei sirkulær rørsle. Ho går moturs, det vil seie i motsett retning av klokkevisarane. Vi må då bruke kommandoen G03 og oppgi koordinatane som bogen sluttar i. Desse koordinatane er X117.53 og Y5.58. Vi oppgir også kva radius bogen skal ha. På arbeidsteikninga nedanfor er alle radiusane lagde inn. For punkt 2 er radiusen 12 mm, og koden blir då R12:
G03 X117.53 Y5.58 R12
Rørsle frå punkt 3 til punkt 4
Vi har no programmert ein boge frå punkt 2 til punkt 3. Frå punkt 3 til punkt 4 skal vi ha ei ny rettlinja rørsle. G-kommandoen for rettlinja rørsle er G01, og vi skal bruke koordinatane til sluttpunktet for den rettlinja rørsla, X149.54 og Y56.12. Det gir denne kodelinja:
G01 X149.54 Y56.12
Rørsle frå punkt 4 til punkt 5
Mellom punkt 4 og 5 blir det på nytt ei moturs sirkulær rørsle. Derfor bruker vi kommandoen G03. Sluttpunktet på bogen er punkt 5 på teikninga. Vi skriv koordinatane for sluttpunktet inn i koden. Radiusen er oppgitt med 12 mm i arbeidsteikninga. Han står oppført sist på kodelinja:
G03 X151.23 Y64.53 R12
Rørsle frå punkt 8 til punkt 9
Vi hoppar no direkte til neste sirkulære rørsle, som er frå punkt 8 til punkt 9. Her går bogen motsett veg, altså medurs. Då må vi velje G-kommando G02. Vi bruker koordinatane for sluttpunktet på bogen på same måte som før, og radiusen er no 22 mm. Det gir denne kodelinja:
G02 X89.63 Y182.54 R22
Hald fram med å programmere
No har du fått ei innføring i korleis du skal skrive koden, og du kan halde fram med alle andre punkta i konturen.
Ver spesielt merksam på dei sirkulære rørslene, og sjekk nøye om dei går medurs eller moturs.
Løysingsforslag
Dette er eit forslag til løysing. Forslaget er berre testkøyrt i simulator.
N20 M06 T01
N30 M03 S2000
N40 G54 G00 G90 G17
N50 X0 Y0
N60 G43 H01 Z1 M08
N70 G01 F500 Z.1
N100 G00 X76 Y0
N105 G01 Z-10
N110 G01 X107.4 Y0
N120 G03 X117.53 Y5.58 R12
N130 G01 X149.54 Y56.12
N140 G03 X151.23 Y64.53 R12
N150 G01 X139.87 Y131.86
N160 G03 X134.65 Y139.87 R12
N170 G01 X99.48 Y163.08
N180 G02 X89.63 Y182.54 R22
N190 G01 X93.24 Y254.81
N200 G03 X88.19 Y261.04 R6
N210 G03 X63.81 Y261.04 R77.56
N220 G03 X58.76 Y254.81 R6
N230 G01 X62.37 Y182.54
N240 G02 X52.52 Y163.08 R22
N250 G01 X17.35 Y139.87
N260 G03 X12.13 Y131.86 R12
N270 G01 X0.77 Y64.53
N280 G03 X2.46 Y56.12 R12
N290 G01 X34.47 Y5.58
N300 G03 X44.6 Y0 R12
N310 G01 X76 Y0
N320 G00 Z2
N1000 G00 X0 Y0 Z10
N1010 G00 X0 Y0
N1020 M30
Tenk over
Korleis vil programkoden bli dersom du vel å programmere konturen motsett, altså medurs?
Kva for G-kodar må då forandrast saman med koordinatane?