Støyping av komposittplate til rekkert
Å lage ei komposittplate er i grunnen ganske enkelt: Vi mettar ein fiberduk med limstoff og legg på lag på lag med fiberduk til vi har fått den tjukna vi ønsker.
Limstoffet består av to flytande komponentar som stivnar når dei blir blanda saman. Til denne plata bruker vi ein plantebasert herdeplast. Når vi jobbar med herdeplastar, må vi alltid lese databladet til produktet nøye og bruke tilrådd verneutstyr.
Bindestoffet (limet) i ei komposittplate kallar vi matrise. Fiberduken kallar vi for armering fordi han fungerer omtrent på same måten som armeringsjernet i betong. Dei vanlegaste materiala i komposittplater er karbonfiber og glasfiber, men i dette prosjektet skal vi bruke bomullstekstil.
Vi beskyttar arbeidsborda med eit plastunderlag og startar med å førebu støpeforma, som her er to stålplater. Dei må pussast ned slik at dei får ei jamn overflate. Dess finare pussesvamp vi bruker, dess jamnare overflate får dei ferdige platene. Når platene er pussa, legg vi på eit lag med sleppmiddel. Slik unngår vi at stålplatene blir limte fast til komposittplata vi skal lage.
Fiberduken klipper vi opp i like store rektanglar som vi legg klare på eit eige bord ved sida av arbeidsbordet. Vi treng tre lag for å få ei plate på omtrent 4 mm tjukn.
Vi legg også fram alt vi treng av utstyr, som limrulle, blandekopp, rørepinne og pensel. Då er vi klare for å støype og kan begynne å blande limstoffet. Vi bruker plantebasert tokomponents-epoksylim som skal blandast med tre deler lim og ein del herder. Ifølge databladet er herdetida eit kvarter. Derfor må vi jobbe raskt.