Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

G-kode for rekkert: førebuingar

Når du skal frese med ei CNC-maskin, kan du anten generere ein kode direkte frå teikneprogrammet eller programmere koden sjølv. I denne artikkelen skal vi gå gjennom førebuingane du må gjere før du kan begynne å programmere G-koden.
Bordtennisrekkert med teksten NDLA på rekkertplata og lilla handtak. Foto.

Innledning

Når du skal programmere ein CNC-fres, er det ofte enklast å bruke ei digital teikning og programvare for å generere ei G-kodefil frå teikninga. Men slik programvare kan vere svært kostbar, og ho må vere tilpassa CNC-maskina di. Ein annan metode er å skrive G-koden sjølv, basert på ei teikning.

Teikningsgrunnlag

Teikninga er alltid grunnlaget for G-koden. Vi må finne hjørne, linjer, bogar og senterpunkt, og vi må sette opp koordinatane for desse punkta.

Teknisk teikning i 2D av ein halv bordtennisrekkert. Alle lengder og dimensjonar er målsette med piler som viser start- og stoppunkt for målingane, og dessutan tal som beskriv verdiane av dei målte avstandane. Illustrasjon.

Start- og stoppunkt

Teikninga over viser grunnmåla for ein rekkert og kan godt brukast som grunnlag for ein G-kode. Vi må alltid finne eit passande start- og stopp-punkt og ta utgangspunkt i dette. I denne oppgåva har vi teke utgangspunkt i senterlinja til rekkerten og snudd rekkerten på hovudet, slik at vi startar midt på den rette linja på toppen av rekkerten.

Teknisk teikning som viser ein halv rekkert i 2D. Alle hjørna er avrunda, og radiusane for alle hjørna er målsette.

Avrunda hjørne

På rekkerten vi skal frese, ønsker vi dessutan å avrunde alle hjørna, noko som gir oss litt større utfordringar. Måla i den første teikninga stemmer då ikkje lenger, og vi må hente inn nye mål.

Til dette bruker vi teikneverktøyet (CAD-programmet). Målsettings-verktøyet finn kvar rette strekar startar og sluttar, og dessutan kvar bogne linjer startar og sluttar. I tillegg klarer teikneprogrammet å gi opp senterpunktet for alle bogna linjene.

Teknisk teikning av ein bordtennisrekkert der to senterpunkt for bogne linjer er avmerkte. Teikninga har målsette avstandar frå start av linja i X og Y-retning til senterpunktet for bogen.

Punkta for start og stopp av bevegelsar treng du for å kunne lage eit
G-kodeprogram. Viss du vil programmere med kommandoane I og J i staden for å bruke bogeradiusane, må du også målsette senterpunkta for bogeradiusane.

Koordinatar

Når du har opna fila i teikneverktøyet, må du målsette alle punkta du treng, og angi dei i eit koordinatsystem med X og Y. Då treng du følgande:

  • startpunkt for freseoperasjonen, med koordinatane X og Y

  • retning du ønsker å frese i (på teikninga vår: moturs)

  • start- og stoppunkt for den enkelte linja eller bogen, med koordinatane X og Y

  • ved bruk av kommandoane I og J: senterpunkta for radiusar i bogne linjer. Alternativt radiusane for dei enkelte bogane.

  • avstanden mellom startpunktet for ein boge og senterpunktet for bogen i X- og Y-retning

På teikninga under er desse punkta markerte. Oransje markering angir start- og stoppunkt for bevegelsar, mens blå markering angir senterpunkt (origo) for sirkulære bevegelsar.

Teknisk teikning av rekkert, med koordinatpunkta som er nødvendige for å kunne programmere ein G-kode. Ei pil som illustrerer vegen fresen skal bevege seg, her moturs.

Når du har målsett alle desse punkta ut frå den tekniske teikninga di, kan du gå vidare til programmering.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2023

Læringsressursar

NDLA-rekkert