Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker oppspenning av arbeidsemne

CNC-dreiebenken har store krefter og roterer med eit høgt turtal. Det er derfor viktig at arbeidsemnet er forsvarleg festa.

Kjoksen

Kjoksen er den delen av dreiebenken som du spenner opp arbeidsemnet i. Han har klembakkar som pressar mot arbeidsemnet og held det på plass.

Kjoksar finst i ulike storleikar og utformingar. Sjølvsentrerande kjoksar til dømes justerer bakkane samtidig slik at arbeidsemnet automatisk blir sentrert. Ein annan type er 4-bakkskiva. Det er ein kjoks med fire bakkar som kan justerast individuelt. Dette gjer sentreringa litt meir utfordrande, men til gjengjeld kan vi med ei 4-bakkskive spenne fast firkanta eller ovale arbeidsemne.

Bakkane finst i både harde og mjuke materiale, alt etter kva slags emne vi skal spenne opp, og dei kan brukast til innvendig eller utvendig oppspenning av arbeidsemnet. Eit røyrforma arbeidsemne til dømes kan krevje innvendig oppspenning.

Trykk på informasjonsknappane på det interaktive biletet nedanfor om du vil ha ein rask repetisjon av dei ulike delane ein kjoks består av.

Manuell eller hydraulisk kjoks

CNC-styrte maskiner kan vere utstyrte med anten manuell eller hydraulisk kjoks. Har maskina manuell kjoks, strammar du bakkane med ein kjoksnøkkel, på same måten som på ein manuell dreiebenk. Bakkane kan flyttast over heile diameteren til kjoksen.

Bakkane på ein hydraulisk kjoks kan berre flyttast 3–10 mm. Derfor må du losne bakkane og justere dei slik at arbeidsområdet deira er innanfor diameteren til arbeidsemnet. Bakkane blir til vanleg losna og festa med skruar på forkant av kjoksen.

Verneinnretningar

Det er viktig at verneskjermen over kjoksen er open mens vi spenner opp arbeidsemnet, og at sikkerheitsbrytaren fungerer. Då kan ikkje kjoksen starte å rotere viss nokon kjem borti startspaken.

Maskiner som er utstyrte med hydraulisk kjoks, har også ei verneinnretning som måler kor stor kraft arbeidsemnet er festa med. Viss trykket ikkje er høgt nok, vil ikkje kjoksen begynne å rotere.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Til kvart spørsmål kan det finnast fleire rette svaralternativ.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk