Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg verneutstyr

Når du jobbar på ein CNC-styrt dreiebenk, må du bruke verneutstyr for å ta vare på eiga og andre si sikkerheit.
Ein ungdom i heildekkande arbeidstøy, vernesko og vernebriller. Ein annan ungdom i arbeidstøy og med caps og oppsett hår. Foto.

Personleg verneutstyr

Dette personlege verneutstyret må du bruke når du jobbar på ein CNC-styrt dreiebenk:

  • heildekkande arbeidstøy med tettsittande erme, ev. mansjettar

  • vernesko

  • vernebriller

  • hårnett eller lua

Det finst eigne symbol som gir informasjon om påkravd verneutstyr.

Heildekkande arbeidstøy

  • Arbeidstøyet må vere tettsittande. Brukar du laustsittande klesplagg, risikerer du at dei viklar seg fast i dei roterande delane på maskina.

  • Heildekkande arbeidstøy vernar huda mot varme spon som kan sprute ut.

  • Påbodet om heildekkande arbeidstøy er varsla med eit symbol som viser ein kvit, heildekkande arbeidsdress på blå bakgrunn.

Vernesko

  • Når du jobbar på ein dreiebenk, bruker du tunge verktøy og arbeidsstykke. Derfor må du verne føtene dine i fall du er uheldig og mistar noko.

  • Påbodet om heildekkande vernesko er varsla med eit symbol som viser ein blå og ein kvit vernestøvel mot blå bakgrunn.

Vernebriller

  • Ved sponfråskiljande arbeid er det fare for at materiale frå eit arbeidsstykke blir kasta ut i lufta og treffer auga. Dette materialet er ofte varmt og kan brenne seg fast i auget. Derfor må du bruke vernebriller.

  • Ved kraftig sprut er det ofte mest formålstenleg å bruke visir.

  • Område der det er påbode å bruke vernebriller, er merkte med eit symbol som viser hovudet til ein person med vernebriller som vernar auga både framanfrå, ovanfrå og frå sidene.

Hårnett eller lue

  • Har du langt hår, må du bruke hårnett eller lue, elles risikerer du at håret set seg fast i dei roterande delane på maskina og drar deg ned mot arbeidsstykket.

  • Maskiner med roterande delar er merket med eit symbol som påbyr bruk av lue eller hårnett. Symbolet viser hovudet til ein person, med hårnett som dekker alt håret.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Til kvart spørsmål kan det finnast fleire rette svaralternativ.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk