Hopp til innhald

Fagstoff

Oppsummering

Her får du eit lite samandrag av den teoretiske opplæringa du har gjennomgått, og informasjon om kva du må gjere for å få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Samandrag

Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ein CNC-dreiebenk og dessutan tips og råd om oppspenning av eit arbeidsemne. Då er det ein praktisk demonstrasjon på verkstaden som står att før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Dette har du lært om

  • Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ein CNC-styrt dreiebenk.

  • I tillegg har du fått informasjon om kva for risikomoment du kan bli utsett for, og kva for verneutstyr du må nytte for å redusere risikoen for å bli skadd.

  • I tillegg har du fått informasjon om korleis CNC-dreiebenken er bygd opp, kva for verneinnretningar som finst, og korleis du stiller inn maskina før bruk.

Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.

Praktisk gjennomgang på verkstaden

Gå på verkstaden og sjå på dei ulike CNC-dreiebenkene de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike maskinene fordi dei kan vere ulikt utforma.

Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ein CNC-dreiebenk, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.

Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.

Eigenerklæring

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk