Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment

Dreiebenken er ei stor og kraftig maskin, og når du jobbar på ho, kan du utsettast for farar. Det er viktig at du kjenner til desse faremomenta slik at du kan verne deg mot skade.

Mekaniske faremoment

Når vi dreier metall, får vi avsponing. Spon kan ha høg temperatur på grunn av friksjon, og dei kan vere veldig skarpe. Vi jobbar også med roterande maskindelar og arbeidsstykke. Slike delar kan losne. I tillegg kan hår eller arbeidstøy sette seg fast i dei roterande delane.

Kjemiske faremoment

I enkelte dreiebenker eller ved spesielle arbeidsoperasjonar bruker vi ei kjølevæske som blir sprutt på arbeidsstykket for å halde temperaturen nede. Kjølevæska er ei blanding av kjemikal. Derfor er det viktig at vi veit kva eigenskapar kjølevæska har, og kva vi skal gjere om vi får kjølevæske på hendene, i auga eller i munnen.

Termiske faremoment

Når vi skjer i metall, oppstår det friksjon og dermed varme. Både arbeidsstykke, skjereverktøy og spon kan komme opp i svært høge temperaturar. Vi må derfor ikkje røre ved desse utan at vi kjenner til temperaturen.

Vi skal ikkje bruke hanskar når vi jobbar med dreiing. Berre når nødstoppbrytaren på maskina er aktivert, kan vi i enkelte tilfelle bruke hanskar likevel.

Andre faremoment

Golvet og arbeidsområdet rundt dreiebenken må vere reint og ryddig slik at vi unngår å snuble eller skli. Det må heller ikkje vere noko brennbart materiale i området som kan ta fyr viss det blir treft av varme spon.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Til kvart spørsmål kan det finnast fleire rette svaralternativ.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk