Kor ofte kan ei uønskt hending oppstå?
Når risikoen er kartlagd, sit du igjen med ei oversikt over kva farar og problem som du trur kan hende på arbeidsplassen eller i samband med arbeidet.
Neste trinn i ei risikovurdering er å vurdere kor ofte desse faresituasjonane kan oppstå. Er det noko som skjer heile tida, eller skjer det ein sjeldan gong?
Det finst standardiserte malar for slike skjema, og eit døme på dette er "Skjema for kartlegging og risikovurdering".
Dette skjemaet let deg fylle inn
kva som kan gå gale
konsekvensen viss noko går gale
kor ofte noko kan skje
alvorsgraden til hendinga (konsekvens)
kommentarar
kven som har vurdert hendinga
Hugs at det ikkje berre er akutte hendingar som skal vurderast, men òg hendingar som kan gi skadar over tid, til dømes støy og kjemikal.
Kor ofte ei hending kan skje (hyppigheit), er som oftast delt opp i fire ulike kategoriar:
Kategori | Sannsyn |
---|---|
Svært sjeldan | 0–5 % mogelegheit for at hendinga oppstår |
Sjeldan | 5–20 % mogelegheit for at hendinga oppstår |
Ofte | 20–50 % mogelegheit for at hendinga oppstår |
Svært ofte | 50–100 % mogelegheit for at hendinga oppstår |
Ukjende hendingar
Når du skal gjennomføre risikovurderinga, er det viktig å ta omsyn til kor kjend du er med arbeidsoperasjonen. Viss han er heilt ukjend, kan det vere større fare for at det skjer uventa hendingar.
I slike tilfelle bør arbeidsoppdraget definerast som svært risikofylt. Det kan òg lønne seg å ta kontakt med nokon som har utført liknande arbeidsoppdrag tidlegare, for å søke råd og støtte.