Hopp til innhald

Fagstoff

Helse, miljø og sikkerheit: lover og forskrifter

Kva for lover og forskrifter gjeld for industribransjen?

Lover og forskrifter

Nærbilete av ein tast på eit tastatur. Oppå tasten står symbolet for lovparagraf. Det liknar på to s-teikn som er plasserte oppå kvarandre. Foto.

Det finst fleire ulike lover og forskrifter som skal vareta helse, miljø og sikkerheit på ulike typar arbeidsplassar. Vi skal her sjå på lovene, forskriftene og føringane som er viktigast for industribransjen.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova er heilt sentral for industriarbeidarar. Ho har som hovudmål å sikre eit trygt og helsefremmande arbeidsmiljø og inneheld krav og retningslinjer for å minimere risikoen for ulykker og helseproblem på arbeidsplassen. I tillegg gir lova industriarbeidarar viktige rettar, mellom anna

  • retten til å krevje ein trygg arbeidsplass

  • retten til regulert arbeidstid og til pausar

  • retten til kompensasjon for overtidsarbeid

  • retten til å opprette arbeidsmiljøutval (AMU) på større arbeidsplassar

Arbeidstilsynet lova ved å utføre inspeksjonar og tilsyn. Det er viktig for industriarbeidarar å vere kjend med lova og med rettane ho gir dei.

Kvar gjeld arbeidsmiljølova?

Lova gjeld i prinsippet for alle verksemder med tilsette. Det finst likevel verksemder og organisasjonar som er haldne unna lova, eller som kan få unntak frå ho. Nokre døme:

  • Sjøfart, fangst og fiske, mellom anna tilarbeiding av fangsten om bord i skip, er haldne unna arbeidsmiljølova.

  • Dykkeoperasjonar og losing er likevel omfatta av lova.

  • Oljeplattformer er i utgangspunktet omfatta av lova, men (Energi)departementet kan gi forskrift om unntak.

Men unntak er berre mogleg dersom dei er uttrykkeleg nemnde i første kapittel i arbeidsmiljølova.

Lenke til lova: arbeidsmiljølova

Maskinforskrifta

Maskinforskrifta gjeld for alle som skal konstruere, bygge og omsette maskiner. Denne forskrifta krev at maskiner som blir selde, varetek helse, miljø og sikkerheit til brukaren. Produsenten må dessutan dokumentere at dette kravet er oppfylt. Forskrifta omfattar

  • maskiner

  • utskiftbart utstyr

  • sikkerheitskomponentar

  • løftereiskap

  • kjettingar, kjeder, tau og stroppar

  • avtakbare mekaniske kraftoverføringsinnretningar

  • delvis ferdigstilte maskiner

Lenke til forskrifta: maskinforskrifta

CE-merking

Maskinforskrifta krev at den som produserer og leverer maskiner som skal brukast i arbeidslivet, må sørge for at maskinene er sikre.

Produsenten må utarbeide tilfredsstillande informasjon om kva maskina og utstyret skal brukast til. Dette kravet gjeld alle typar maskiner til bruk i arbeidslivet, anten dei er nye eller brukte. Som eit ledd i dette skal produsenten

  • CE-merke maskina for å vise at ho oppfyller alle relevante krava

  • ferde ut og signere ei samsvarserklæring for maskina

  • eventuelt utarbeide ei samanstillingserklæring

  • samle informasjon om kva som er gjort, og kvifor, i ein teknisk dokumentasjon

Dersom ei maskin blir endra, er det mogleg at ho må CE-merkast på nytt. Det gjeld spesielt når ho får nye funksjonar, eller når effekten blir større. Det kan ha komme til nye faremoment etter endringane, og derfor må maskina behandlast som om ho var ny.

Dette kravet gjeld også om maskina er produsert før 1. januar 1995.

Forskrift om utføring av arbeid

Forskrift om utføring av arbeid skal sikre arbeidstakarane mot skadar på liv og helse. Forskrifta gjeld for utføring av arbeid og bruk av arbeidsutstyr. Ho stiller òg tekniske krav til utstyret.

Lenke til forskrifta: forskrift om utføring av arbeid

Sertifiseringsordning for arbeidsutstyr

Arbeidsgivar skal sørge for regelmessig kontroll av alt arbeidsutstyr som blir brukt av tilsette eller innleigde. Enkelte typar utstyr skal i tillegg kontrollerast av sertifisert sakkunnig verksemd.

Du finn ei oversikt over arbeidsutstyr som må kontrollerast av sertifisert verksemd, i forskrift om utføring av arbeid § 13-1.

Arbeidstilsynet har ei eiga ordning for sertifisering av verksemdene som utfører slike kontrollar. Ho heiter sertifiseringsordninga for sakkunnig kontroll og tryggingsopplæring og blei oppretta i 1998.

Arbeidstilsynet har gitt privateigde sertifiseringsorgan i oppdrag å sertifisere verksemder som vil drive sakkunnig kontroll og sertifisert sikkerheitsopplæring. Verksemder som er godkjende av sertifiseringsorgana, kallar vi sertifiserte verksemder.

Sikker stans av maskiner

Straumbrytarar som er låste med hengelås. Foto.

"Lås og merk" (lock out/tag out) er ein metode for sikkert vedlikehald av maskiner. Metoden sikrar at maskina er tømd for energi og låst og merkt så lenge vedlikehaldet går føre seg.

Over halvparten av arbeidsskadedødsfalla i Noreg skjer i samband med vedlikehald, reparasjon, verifikasjon, inspeksjon, klargjering eller reingjering i og omkring maskiner. Mange av desse ulykkene skjer fordi maskinene framleis inneheld energi.

Maskiner kan innehalde mykje energi sjølv om dei er stansa. Arbeidstakarar som gjer vedlikehald på maskiner, kan bli drepne eller alvorleg skadde dersom dei blir utsette for slik ukontrollert energi.

Når det ikkje er tilstrekkeleg å ta ut støpselet frå kontakten eller å ta ut batteriet, skal arbeidsgivar etablere eit system som sikrar at kontroll og vedlikehald går føre seg på ein sikker måte. Du kan lese meir om korleis dette blir gjort, på Arbeidstilsynets sider om sikker stans av maskiner.

Sikkert vedlikehald

Vedlikehald av anlegg, utstyr, maskiner og arbeidsplassar er heilt nødvendig for eit sikkert arbeidsmiljø. Vedlikehald kan omfatte inspeksjon, testing, service, justering, reparasjon eller utskifting. Det er to hovudtypar vedlikehald:

  • Førebyggande vedlikehald er vedlikehald som skal hjelpe oss å halde noko i god driftsmessig stand. Vanlegvis er denne forma for vedlikehald planlagd, og ho skjer periodisk og i samsvar med instruksane til produsenten.

  • Korrigerande vedlikehald er til dømes reparasjon eller utskifting av defekte delar, mellom anna ved akutte hendingar. Dette er oppgåver som ikkje er planlagde. Derfor er det vanlegvis knytt større risiko til korrigerande vedlikehald enn til førebyggande vedlikehald.

Vedlikehald skal utførast på ein sikker måte, med eigna verktøy og verneutstyr. Alt dette skal vere tilgjengeleg for vedlikehaldsarbeidarar og andre på arbeidsplassen.

Lenke til forskrifta: forskrift om utføring av arbeid §12

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2023

Læringsressursar

Sikker jobbanalyse (SJA) og risikovurdering (ROS)