Teknologi (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Vedlikehold (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Helse, miljø og sikkerheit
HMS står for helse, miljø og sikkerheit. HMS-reglane handlar om rettane og pliktene arbeidsgivar og arbeidstakar har når det gjeld å sikre eit fysisk og psykisk godt arbeidsmiljø.
Sikker jobbanalyse (SJA) og risikovurdering (ROS)
I arbeid med maskiner kan du bli utsett for mange ulike risikoelement. Derfor er det viktig å kunne utføre ein analyse av arbeidsoppdraget du skal gjennomføre. Då kan du avdekke risikoar du vil bli utsett for og setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane om noko skulle skje.