Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Sommarbryllaup

I denne oppgåva vil du få ein førespurnad på e-post frå eit brudepar som ønskjer at du skal planleggje det heilskaplege visuelle uttrykket for bryllaupsfesten. Dei ønskjer også at du leverer eit produkt eller ei teneste med prisoverslag innan yrket ditt.
Nærbilete av ei ung kvinne og ein ung mann. Mannen held rundt kvinna. Begge smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
E-post frå Nora og Sigurd: Hei! Vi er eit par som skal gifte oss til sommaren.

Vi har høyrt så mykje positivt om dykk og kor flotte og kreative festar de har organisert før. Vi håpar derfor de kan hjelpe oss med planlegging av det heilskaplege visuelle uttrykket for bryllaupsfesten.

Litt om oss: Vi er begge 30 år og bur i Stavanger. Sigurd jobbar som revisor, og eg, Nora, er elektrikar. Vi er glade i det vakre i naturen, men liker også ein storbyferie ein gong iblant. Vi er samfunnsengasjerte og opptekne av berekraft. Bruk og kast er vi motstandarar av. I tillegg er vi glade i fargar og elskar overraskingar.

Vi liker utradisjonelle val, gjenbruk og bruk av materiale frå naturen. Dersom de klarer å halde dykk under budsjettet, vil vi gi differansen til eit velgjerande føremål. Talet på gjester inkludert oss og forlovarar blir ca. 60 personar.

Vi håpar du og firmaet ditt kan hjelpe oss, kome med gode forslag og gi eit prisoverslag på det følgjande:

Til deg som er interiørkonsulent

Vi treng hjelp til organisering av bord og borddekking, og framlegg til korleis vi kan hengje opp lys og dekkje borda for å få ei god stemning.

Til deg som er eksponeringsdesignar

Vi ønskjer vår eigen bryllaupsportal som vi kan ha utevigsla under.

Til deg som er profileringsdesignar

Vi ønskjer framlegg til invitasjonar, monogram og utforming av meny og bordkort.

Til deg som er blomedekoratør

Vi ønskjer blomedekorasjonar til borda, brudebukett, brudesmykke til forlovarar og knappholsblomar til brudgommen og forlovarane hans.

Til deg som er frisør

Brudefrisering og styling av håret til brudgommen og i alt seks forlovarar. Bruda har langt mørkt hår, og to av forlovarane hennar har skulderlangt hår, mens ein har langt hår. Mennene har kort hår.

Budsjett

Kroner

Frisør brud og brudgom

kr 7 000

Styling/oppsett forlovarar

kr 4 000

Uterommet for bryllaupsfesten

kr 8 500

Trykksaker

kr 3 500

Bryllaupsportal

kr 4 500

Brudebukett

kr 2 500

Blomesmykke/-krans brud og forlovarane hennar

kr 2 000

Knappholsblome brudgom og forlovarane hans

kr 1 000

Borddekorasjonar

kr 5 000

Ønsket vårt er at gjestene skal oppleve at bryllaupet er "typisk oss" i alle ledd. Vi håpar de kan hjelpe oss med å organisere draumebryllaupet vårt. Er det noko meir av informasjon de treng, er det berre å spørje. Håpar på positivt svar frå dykk med gode idéar og grei pris.

Med vennleg helsing
Sigurd og Nora

Kunderettleiing per e-post

Brudeparet Nora og Sigurd er kunden i denne oppgåva, og dei har sendt deg ein e-post. Avtal med læraren om det er læraren som kommuniserer med deg gjennom oppgåva, eller om du samarbeider med ein medelev som speler kunden. Det er viktig at all kommunikasjon skjer via reell e-post, kanskje har du ein e-postkonto på skulen? Ein viktig del av denne oppgåva er å ha profesjonell skriftleg kommunikasjon og utøve god kunderettleiing ut frå ønska og behova til paret. Du må sjølv ta ansvar for å stille gode spørsmål som gir deg svar på kva det er kunden ønskjer, og som gir deg eit utgangspunkt for vidare planlegging. Slik skriv du formell e-post.

Les meir om korleis du skriv formelle e-postar:

Del 1: Heilskapleg visuelt uttrykk

Flater med fargar i rosa, grønt og oransje. Illustrasjon.

I denne delen skal du tenkje på det heilskaplege visuelle uttrykket for bryllaupet. Hugs at god dialog med kunden undervegs er viktig. Visuelle døme som fargepalett og bilete bør vere ein del av kommunikasjonen.

  1. Gjennomfør kundekommunikasjonen per e-post.

  2. Fargepalett (A3, liggjande format) blir utarbeidd med utgangspunkt i trendfargar og/eller ønska til brudeparet. Bruk gjerne eit inspirasjonsbilete.

  3. Stemning og stil for heilskapen i bryllaupet kan visast i eit moodboard (A3, liggjande format).

Del 2: Produkt i valt yrke

I denne delen vel du eit av yrka og planlegg produktet eller tenesta brudeparet spør etter. Hugs at det er viktig at brudeparet godkjenner idéar og skisser før du går i gang med produktet.

  1. Visualiser produktet ditt i ei presentasjonsskisse, ei arbeidsteikning, ein prøvetime eller ein modell. Vel det som er mest føremålstenleg i yrket ditt. Vis gjerne til heile idéprosessen dersom det kan vere til nytte for brudeparet å få eit innblikk undervegs.

  2. Gjer ein priskalkulasjon for produktet ditt.

Her kan du lese meir om priskalkyle
Fotografi av brudebukett og illustrasjon av fargepalett med fargar frå blomane. Montasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2 skal løysast i ei av desse yrkesretningane: interiør, blomar, frisør, eksponering eller profilering. Vel yrke og løys oppgåva.

Interiør

Planlegg lokalet eller uterommet for bryllaupsfesten ved å lage produktkart og/eller planteikning.

  • Eit produktkart kan omfatte bord, borddekor, servise, glas, lys, lounge, bar, gåvebord, stemningsbelysning og så vidare.

  • Ei planteikning (handteikning, eller digitalt i til dømes SketchUp eller Roomstyler) kan vise borddekking, bar, gåvebord, lounge og plassering for vigsla og portal.

Filer

Eksponeringsdesign

Prototype av bryllaupsportal i tre med pampas, grønt og blomar plassert i ein modell av strand. Foto.

Design ein bryllaupsportal til utandørs vigsle. Lag ein prototype/modell av portalen i målestokk 1 : 10 med bakgrunn som viser miljø og sokkel/landskap.

Profileringsdesign

Bilete av ein selskapsoppdekking med ein meny i midten. Foto.

Lag ein visuell profil med fargar og typografi, og minst eitt av produkta nedanfor:

  • monogram

  • invitasjonar

  • bordkort

  • meny

Blomar

Brudebukett og kjole. Foto.

Planlegg og lag eitt av desse produkta:

  • borddekorasjon

  • blomesmykke til tre forlovarar (festa i håret, på handleddet, rundt halsen eller som eit kjolesmykke)

  • knappholsblome til tre forlovarar

  • blomekrans til håret

  • brudebukett

Frisør

To øvingshovud med oppsett hår og blomar. Foto.

Vel minst to av dei følgjande arbeida:

  • klassisk brudefrisyre

  • frisyre til forlovarane til bruda

  • styling av brudgommen og forlovarane hans

Del 3: Utstilling av produkt

Klassen lagar ei utstilling der alle produkta blir presenterte.

Stativ laga av ståltråd som ein spindelvev, voven med garn i ulike fargar og blomar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Prisberekning i blomsterdekoratørfaget