Påslagstal
Påslagstalet er talet du gongar innkjøpsprisen med for å finne ut kva kunden må betale for ein blomster, ein plante eller anna materiale. I blomsterbransjen kallar vi ofte påslagstalet for kalkulasjonsfaktor. Denne ligg som regel mellom 2,5 og 6.
Du kan laste ned eit rekneark med dei tre priskalkuleringane nedst på sida.
Døme på utrekning av pris på sorgbinderi
I sorgbinderi er det vanleg å legge til 20 % arbeidspengar rekna ut frå prisen på produkta.
Meirverdiavgift (mva.)
Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.
Beskriving | Tal | Innkjøpspris per stk. utan mva. | Påslagstal | Total utsalspris inkl. mva. |
---|---|---|---|---|
Zinnia (store) | 3 | kr 7 | 4 | kr 84 |
Zinnia (små) | 14 | kr 5 | 4 | kr 280 |
Antirrhinum majus | 12 | kr 8 | 4 | kr 384 |
Tagetes | 7 | kr 7 | 4 | kr 196 |
Sedum | 4 | kr 5 | 4 | kr 80 |
Spirea | 4 | kr 1 | 4 | kr 16 |
Kochia scoparia | 5 | kr 3 | 4 | kr 60 |
Greiner fra bringebær | 5 | kr 1 | 4 | kr 20 |
Grønt fra nyper | 5 | kr 1 | 4 | kr 20 |
Oasis | 1/3 | kr 6 | 4 | kr 8 |
Sum produkter | kr 1 148,00 | |||
Arbeidspengar 20 % | kr 229,60 | |||
Sluttsum | kr 1 377,60 | |||
Pris runda opp | kr 1 400,– |
Døme på utrekning av pris på blomsterarbeid til bryllaup
I bryllaupsbinderi blir det gjerne rekna timepris, eller ein fast startpris som dekker kundemøte, planlegging og produksjon.
I dømet nedanfor har vi teke med ein ekstra kolonne, "Total utsalspris inkl. mva.", sidan arbeidspengane har ein fast timepris ut til kunden.
Beskriving | Tal | Innkjøpspris per stk. utan mva. | Påslagstal | Utsalspris per stk. | Total utsalspris inkl. mva. |
---|---|---|---|---|---|
Phalaris (tørka strå) | 6 | kr 5 | 4 | kr 20 | kr 120 |
Eucalyptus gunnii | 2 | kr 8 | 4 | kr 32 | kr 64 |
Echinops bannaticus (kuletistel) | 3 | kr 4 | 4 | kr 16 | kr 48 |
Xerochrysum bracteatum (evigblomster) | 3 | kr 3 | 4 | kr 12 | kr 36 |
Strå og staffasje | 1 | kr 20 | 2 | kr 40 | kr 40 |
Band | 1 | kr 10 | 2 | kr 20 | kr 20 |
Arbeidspengar | 0,5 | kr 300 | kr 150 | ||
Sluttsum produkt (fem corsagar) | kr 478 |
Døme på utrekning av pris på blomsterarbeid til større arrangement
I større oppdrag for dekor til storhendingar som prisutdelingar, markeringar og jubileum er det gjerne fleire steg i designprosessen. Det kan vere skisser til kunde, utprøvingar, produksjon av større konstruksjonar og montering av sjølve arbeidet. Då er det vanleg å bruke timepris. I dømet nedanfor blir det i tillegg berekna arbeidspengar ut frå prisen på produkta.
Beskriving | Tal | Innkjøpspris per stk. utan mva. | Påslagstal | Utsalspris per stk. inkl. mva. | Total utsalspris inkl. mva. |
---|---|---|---|---|---|
Pampas | 25 | kr 5,20 | 10 | kr 52 | kr 1 300 |
Slørasparges | 10 | kr 3 | 4 | kr 12 | kr 120 |
Sølvregn | 1 potte | kr 20 | 4 | kr 80 | kr 80 |
Astilbe | 23 | kr 8 | 4 | kr 32 | kr 736 |
Antirrhinum frøkapslar | 10 | kr 4 | 4 | kr 16 | kr 160 |
Panicum | 12 | kr 7 | 4 | kr 28 | kr 336 |
Pil | 10 | kr 1,50 | 4 | kr 6 | kr 60 |
"Kiwi" | 30 | kr 2,00 | 4 | kr 8 | kr 240 |
Sum produkt | kr 3 032 | ||||
Arbeidspengar 20 % | kr 606,40 | ||||
Arbeidstimar hausting | 1 | kr 300 | kr 300 | ||
Arbeidstimar | 20 | kr 300 | kr 6 000 | ||
Sluttsum produkt | kr 9 938,40 | ||||
Pris runda opp | kr 10 000,– |