Hopp til innhald

Fagstoff

Priskalkyle i interiørfaget

Kva timepris skal du setje for tenestene dine? Dersom du driv eit konsulentfirma, har du utgifter som må dekkast av inntekta di. Det er viktig å vere klar over dette for å drive lønnsamt. Prisen du tek for tenestene dine, skal både gi deg lønn og dekke alle faste og uventa utgifter.
Kvinne ved arbeidsbord med ark med talmateriale og datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenesteytande bedrift

Ei tenesteytande bedrift sel tenester. Som interiørkonsulent kan du jobbe i ei stor eller lita bedrift, du kan vere tilsett, eller du kan drive eige firma. Bedrifta må uansett kome fram til ein pris som dekker alle utgifter og gir lønn for tenestene.

Indirekte kostnader

Indirekte kostnader er alle faste utgifter bedrifta har, som blir betalt for kvar månad (eller for kvart år). Faste utgifter kan vere

  • telefonabonnement

  • programlisensar

  • internett

  • straum

  • leige av arbeidslokale

  • datalagring

  • marknadsføringskostnader

  • domenekostnader (eiga nettside)

Har du eigne tilsette? I så fall må du i tillegg berekne lønnskostnader, arbeidsgivaravgift, pensjon, feriepengar og forsikring til desse.

Utrekning av timepris ut til kunde

Utnyttingsgrad – salbare timar

Først må vi rekne ut kor mange salbare timar ein interiørkonsulent har i året. Vanleg arbeidstid er 7,5 timar per dag, men du kan ikkje bruke heile tida på kundane. Ei vanleg utnyttingsgrad er på 80 prosent. Utnyttingsgrad er kor stor del av arbeidstida ein bruker på å utføre tenesta, og som ein kan ta betalt for i løpet av ein dag. Utanom blir tida brukt mellom anna på å oppdatere materialbibliotek, finne nye oppdrag og svare på førespurnader. Talet på salbare timar per dag (t/d) blir:

7,5 t/d · 80100 = 6,0 t/d

Salbare timar per år for firmaet

Ved heiltidsarbeid reknar vi eit årsverk som 230 arbeidsdagar per år (d/år). På eitt årsverk kan talet på timar per år (t/år) firmaet kan selje, bli:

6 t/d · 230 d/år = 1 380 t/år

Sjå for deg at firmaet har tre tilsette. Då vil talet på salbare timar per år (t/år) bli:

3 · 1 380 t/år = 4140 t/år

Lønn og arbeidsgivaravgift

Med ei årslønn på 500 000 kroner per interiørkonsulent blir reknestykket for lønnsutgiftene slik:

3 · 500 000 kr = 1 500 000 kr

Arbeidsgivaravgifta, som er ei avgift til staten og kjem i tillegg til sjølve lønnsutbetalingane, varierer frå stad til stad. I dei mest sentrale stroka av landet er han på 14,1 prosent.

1 500 000 kr · 14,1100 = 211 500 kr

Indirekte kostnader – berekning av sum

indirekte kostnader

Kostnader per år

Kroner

Husleige inkl. telefon og internett

kr 300 000

Forsikring

kr 30 000

Rekneskapsførar

kr 50 000

Programlisensar

kr 5 000

Straum

kr 60 000

Kurs og fagleg oppdatering

kr 30 000

Datalagring/domenekostnad

kr 1 000

Kaffiavtale

kr 4 500

Lønn

kr 1 500 000

Arbeidsgivaravgift

kr 211 500

Kostnader

kr 2 192 000

Kostpris

Kostpris er det timeprisen må vere for å dekke alle utgiftene. Då går ikkje firmaet med overskot, men taper heller ikkje pengar. Vi finn kostpris ved å ta kostnader per år og dele på salbare timar:

2 192 000 kr4140 t = 529,47 kr/t

Timepris

Firmaet ønsker ei forteneste på 30 prosent. Vi legg på forteneste:

529,47 kr/t · 1,30 = 688,31 kr/t

Timepris til kunden blir då 688,31 kroner per time utan meirverdiavgift.

Spørsmål: Kvar kjem talet 1,30 frå i utrekninga ovanfor? Vis korleis du reknar det ut.

Forklaring

Talet 1,30 er vekstfaktoren ved ein prosentvis auke på 30 prosent.

1 + 30100 = 1 + 0,3 = 1,3

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på 25 prosent. Denne avgifta legg vi til timeprisen:

688,31 kr/t · 1,25 = 860,39 kr/t

Vi rundar av timeprisen til 860 kroner per time.

Marknadspris

Marknadsbasert prissetjing tek utgangspunkt i kva marknaden er villig til å betale. Mange synest marknadsprisen på interiørtenester er høg, og somme kan grue seg til å fortelje kundar kva timeprisen er. Du kan justere prisen din etter kor store utgifter du har, men pass på at du ikkje prisar deg for lågt. Det kan påverke heile marknaden.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Prisberekning i interiørfaget