Hopp til innhald

Fagstoff

3D-printing med SLA-teknologi

I denne fagartikkelen ser vi nærare på korleis 3D-printing med SLA-teknologi fungerer.

SLA (stereolitografi)

Forkortinga SLA står for Stereo Lithography (norsk: stereolitografi). Stereolitografi er ein 3D-printteknologi der ein bruker ein laserstråle for å herde resin på undersida av ein behaldar. Laseren herdar materialet punkt for punkt, og delen blir bygd mot ein haldar som blir løfta opp for kvart nytt lag.

DLP (Digital Light Processing) er ein teknologi som liknar på SLA, men ved DLP-3D-printing blir eit bilete av heile laget spegla mot behaldaren slik at heile laget blir herda samtidig. Laserstrålen i SLA-skrivaren er kraftigare enn lyset frå LCD-skjermen i ein DLP-skrivar. Derfor kan han herde kvart enkelt punkt raskare.

3D-skrivaren Photon Zero

Justering av høgde på byggeplate for resin. Høgda blir justert manuelt med skrutrekkar. Foto.

3D-skrivaren Photon Zero frå leverandøren Anycubic er ein av dei billigaste 3D-skrivarane som skriv ut med resin. Byggeflata er lita, og byggehøgda er låg.

Byggeplata er montert på eit løftehovud som hever og senkar ho til rett høgd. Lyskjelda er plassert i botnen av boksen og speglar biletet av laget som skal printast, opp til eit vindauge. Oppå dette vindauget står karet med resinet. Karet har ein gjennomsiktig botn som herdelyset lyser igjennom.

Førebuingar

Skjermdump frå programmet Photon Workshop. Foto.

Du startar med å bruke ei programvare for å regulere innstillingane for utskrivinga, til dømes laghøgde og herdetid, og for å tilpasse modell og støttestruktur. Når du skriv ut med resin, må du også tenke på holrom som kan samle opp resin. Det er viktig å lage hol der resinet kan renne ut før det blir innestengt i holromma.

Klargjering av skrivar

Tømming av blåfarga resin i eit kar. Foto.

Det er to ting du må gjere med 3D-skrivaren før du kan skrive ut. Først må du sjekke om byggeplata har rett høgde. Det gjer du ved å senke skrivarhovudet ned mot vindauget og legge eit ark under byggeplata.

Når hovudet er rett justert, tømmer du resinet i karet. Det er viktig at du ikkje gjer dette for tidleg, for resin kan herdast av lys i rommet viss det blir ståande for lenge før det blir skrive ut.

Det er også viktig å ha passeleg mykje resin i karet. Printeprogrammet reknar ut nødvendig mengde resin for printejobben, og du bør legge til litt ekstra slik at du er sikker på at botnen blir dekt også på siste laget.

Etterbehandling

Herding av resindelar i sollys. Foto.

Delar som er skrivne ut med resin, må reinsast etter utskriving slik at alt resin som ikkje er herda, blir fjerna. For å reinse delane bruker du ei spritblanding eller vatn, avhengig av typen resin du har brukt.

Resin som er igjen i skrivarkaret, må du ta vare på. Du kan bruke eit filter som tek bort eventuelle klumpar og herda bitar, og tømme resinet på behaldarar. Skrivaren og delar som resinbehaldar og byggeplate må vaskast før du kan begynne på neste printejobb.

Delar som er skrivne ut, må også gjennomherdast. Dette gjer ein vanlegvis i UV-lys, men nokre resintypar kan òg herdast i sollys. Det finst eigne maskiner som skyl og herdar resin-delar.

Tenk over

  1. Har denne typen 3D-printing nokon store ulemper?

  2. Har du sett herding med UV-lys brukt i andre samanhengar enn 3D-utprinting? (Hint: Karius og Baktus)

CC BY-SASkrive av Brigt Roar Skeie og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022

Læringsressursar

Modell