Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bygg ein modell

Ein fysisk modell kan gjere det enklare å vise fram korleis noko er planlagt. Modellen kan sjåast i alle vinklar og gir god romforståing. Finn fram plan- og fasadeteikningar på eit bygg eller eit rom du har jobba med, og bruk dette som utgangspunkt for å lage ein modell i målestokk.
Modell av ein klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • sandwichpapp, kapafix eller kartong til å lage modellen

  • knappenåler til å setje platene saman med

  • foto av overflater

  • spraylim eller limstift

  • Suppler gjerne med andre materiale eigna for modellbygging.
    Tørka planter eller blomsterdelar kan til dømes målast og bli brukte som planter.

  • Dersom du har tilgang på 3D-skrivar, kan møblar og inventar lagast som 3D-printa objekt.

Modell av kafé i papp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målestokk

Jobb i målestokk. 1:25 er døme på ein fin målestokk for ein modell.

Modell av klesbutikk sett ovanifrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Teikn opp golv og veggar i vald målestokk og skjer ut delane. Ver nøyaktig når du skjer i pappen, og pass på å få fine snittflater. Lag opningar til vindauge og dører.

  2. Dekorer veggar og tak. Hent ut foto av overflater du ønskjer å bruke, og skaler dei ned til riktig storleik. Bruk spraylim, limstift eller limet som er på capafixplatene. Fest ark med bilete av materiale på golv og veggar.

  3. Fest modellen med knappenåler mellom veggar og golv. Delane skal ikkje limast. Dette er fordi du skal kunne fjerne veggar for å fotografere eller for å gi kunden ei oppleving av rommet.

Modell av interiør i ein kafé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Møbler. Alt av interiør og møblar skal òg vere i riktig målestokk. Dersom du har moglegheit, kan du 3D-printe møblar og detaljar til modellen.

  2. Dokumenter arbeidsprosessen med bilete saman med notat om val og erfaring du har teke undervegs.

Modell av disk og prøverom i ein klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes og Inger GIlje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Modell