Hopp til innhald

Fagstoff

Nyttig å vite om 3D-printing

Her får du eit første innblikk i kva 3D-printing (3D-skriving) er, og kva denne produksjonsmåten kan brukast til.
15 sylinderforma, sekskanta stavar i lys plast. Nokre har vertikale hol av ulik diameter i midten, andre har eitt eller fleire hol av ulik storleik og plasserte i ulik avstand på sidene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksområde for 3D-printing

Visste du at delar laga med 3D-skrivar kan brukast rett i ein produksjon, eller som eit ferdig produkt? Vi kan også teste ulike måtar å bygge delar på gjennom ulike design. Kva design gir den delen som er sterkast og samtidig lettast mogleg? Slik kunnskap er viktig for industridesignarar og bedrifter som skal utvikle produkt av høg kvalitet utan at produksjonen koster meir enn nødvendig.

Ein gul pynteknott og to plastdelar som er utskårne slik at knotten passar inn mellom dei to. Foto.

Med 3D-printing er det også enkelt å produsere delar utan at det oppstår merke eller skadar under produksjonsprosessen. Skal det til dømes borast hol i ein del i etterkant, kan vi lage ein "behaldar" som vi plasserer delen i, og montere han i ein dreiebenk. Då er det ikkje vanskeleg å lage hol utan at delen får merke eller skadar.

3D-modellar

For å kunne 3D-printe ein del må du ha ein modell av han. Du kan bruke ferdige 3D-modellar, men du kan også sjølv lage teikningar til delar i eit . Teikninga eksporterer du som ei STL-fil til 3D-skrivaren, som så skriv ut den fysiske modellen.

Justering av 3D-skrivar

Før du bruker 3D-skrivaren, bør du alltid kalibrere eller justere han. Dysehovudet må heile vegen bevege seg parallelt med arbeidsflata. Viss du ikkje har kalibrert skikkeleg, kan du få utfordringar med printejobben, og i verste fall kan prosessen stoppe opp og produktet bli øydelagt.

Støttestruktur

Har produktet du skal printe, overheng, tynnare parti eller holrom? Då er det ganske sikkert nødvendig med støttestruktur under printejobben. Videoen nedanfor viser kva du risikerer dersom du gløymer å sørge for støttestruktur: Produktet kan bli totalt mislykka. Innstillingar for støttestruktur vel du på skrivaren.

Ein prosess som tek tid

Med 3D-printing får du eit produkt som du kan bruke med éin gong, men sjølve prosessen med å printe lag for lag kan ta mange timar, avhengig av kor omfattande og detaljert printeoppdraget er.

Har du brukt støttestruktur, må du fjerne han i etterkant. Det er vanleg å bruke eit oppvarma kjemisk bad for å reinse produktet for støttestrukturen.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Brigt Roar Skeie.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2022

Læringsressursar

Modell