Hopp til innhald

Fagstoff

Modellbygging og 3D-printing i interiørfaget

Det finst fleire ulike måtar å visualisere interiørløysingar på. Vi kan mellom anna presentere modellar. Desse kan du lage for hand, eller du kan bruke laserkuttar og 3D-skrivar som verktøy.
Modell av ein klesbutikk i fugleperspektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modellbygging

Når du har ei planteikning i riktig målestokk, er det enkelt å lage ein fysisk modell av rommet. Det er noko fascinerande med å sjå ein handlaga modell av rommet du planlegg, og ein kunde vil alltid forstå kva som er tenkt ved å sjå ein fysisk modell. Den kan bli sett på frå alle vinklar og gir god romforståing.

Ein modell kan byggjast opp i kvite capaplater som blir sette saman med knappenåler. Då kan vi opne opp ein vegg viss det er nødvendig. Ver nøyaktig når du skjer i pappen, og bruk ein skarp kniv. Flisete kantar ser ikkje bra ut.

Fargar og teksturar blir lagde inn som bilete på golv og vegger. Hugs riktig målestokk på teksturane. Dersom du har tilgang til 3D-skrivar, kan du lage møblar og inventar som 3D-printa objekt.

Modell av ein benk med levegg og ildstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan òg bruke laserkuttar til å skjere ut delar i papp eller treplater.

3D-printing

3D-printing har gjort det mogleg å visualisere ein fysisk modell av eit design du planlegg for kunde. Dersom du til dømes designar ein resepsjonsdisk, vil det vere store kostnader knytt til bygging og installering av disken.

Grå skranke med bølgedekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan vere smart å fortelje kundar at det kan løne seg å lage ei fil som de kan 3D-printe. Thinkercad er eit døme på program som er eigna til dette. 3D-printing blir nytta stadig meir i ulike yrkesgrupper, og det er ein fordel å ha kjennskapar til korleis de kan bruke denne reiskapen.

Relatert innhald

Finn fram plan- og fasadeteikningar på eit bygg eller eit rom du har jobba med, og bruk dette som utgangspunkt for å byggje ein modell i målestokk.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Modell