Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsteikning til ulike klippeformer

Vi har fire klippeformer: heil form, gradering, like lengder og aukande lengder. Strukturteikning er ei arbeidsteikning som viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma. Spissane skaper då ei formlinje, og du kan bestemme klippeforma.
Kvinneleg frisør arbeider med håret til ein kvinneleg kunde. Foto.

Dei fire klippeformene

Her oppsummerer vi kjenneteikna på dei ulike klippeformene, saman med ei arbeidsteikning. Strukturteikning viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma. Hårspissane dannar då ei formlinje som viser klippeforma.

Heil form

Profil med blått felt som viser hårlengden på ein frisyre med heil form. Illustrasjon.

Heil form er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.

  • en er 0 grader.
  • kan vere horisontal, diagonal framover, diagonal
    bakover, konkav og konveks.
  • en er ikkje-aktiv, men aktiv ved krøllar.

Gradering

Profil med gult felt som viser graderte lengder på håret. Illustrasjon.

Gradering er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.

  • Projeksjonen er 1–89 grader.
  • Designlinja kan vere valfri.
  • Teksturen er aktiv.

Like lengder

Profil med grønt felt som viser hår med lik lengde. Illustrasjon.

Like lengder er ei klippeform der det indre området og det ytre området er like langt.

  • Projeksjonen er 90 grader.
  • Designlinja kan vere valfri.
  • Teksturen er aktiv.

Aukande lengder

Profil med raudt felt som viser aukande hårlengder. Illustrasjon.

Aukande lengder er ei klippeform der det indre området er kortast, og det ytre området er lengst.

  • Projeksjonen er 91–180 grader.
  • Designlinjene kan vere konkave, konvekse og diagonale.
  • Teksturen er aktiv.

Relatert innhald

Vi treng fagterminologi for å vere profesjonelle arbeidsutøvarar og for ha ei felles forståing. Her skal vi sjå på bruk av linjer i frisørfag.

Projeksjonsvinkelen er den vinkelen håret blir halde i forhold til det naturlege fallet. Distribusjon er korleis vi held håret i forhold til delelinja.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Teikning