Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konturteikning med samanhengande strek

Teikning kan hjelpe deg til å få ei betre formforståing. Ei god øving er å observere ting rundt deg og gi att dette med éin samanhengande strek på papiret.
Målet er at du skal sjå og tolke inntrykka og samkøyre handrørsla med det du ser.
Blyanttegning av ein hest som spring og ein detalj av hestehovudet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontur med samanhengande strek

Kontur er dei ytre linjene som avgrensar ei form. Øv deg på å observere ting rundt deg og å teikne det du ser med éin samanhengande strek. Dette kan gi deg ei betre formforståing. Ikkje ver opptatt av å lage eit fint resultat, men å bruke streken til å beskrive motivet. Hugs at øving gjer meister, også når det gjeld teikning.

To konturteikningar av eit ansikt der linjene har forskyvd seg i høve til kvarandre. Blyantteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blindkontur

Blindkontur er ei morosam øving, der du ikkje skal sjå ned på arket medan du teiknar. Alt du teiknar, skal vere i éin samanhengande strek. Studer motivet ditt nøye, og ta deg god tid.

Strekteikning som har forskove seg. Illustrasjon.
  1. Finn eit motiv, til dømes ein blomster eller ein sko, som du kan ha framom deg. Planter gir spennande organiske linjer.

  2. Plasser pennen eller blyanten på papiret. Finn eit punkt på motivet som du vil starte frå. La blikket gå sakte rundt motivet, samtidig som du teiknar ei linje som følgjer formene du ser. Fokuser på motivet. Ikkje kikk ned på arket ditt før du er heilt ferdig.

Målet med ei slik øving er at du skal sjå former og tolke inntrykka du får. Det er viktig at du teiknar det du ser, i det du ser det. Poenget er ikkje resultatet på arket, men å samkøyre handrørslene med det du ser.

Teikn kvarandre med blindkontur

  1. Sit saman i grupper på tre eller fire. Plasser stolane i ein ring, slik at alle ser ein medelev i profil. Slik kan alle teikne og vere modell samtidig.
  2. Sitt roleg og teikn blindkontur av personen du ser i profil. Ikkje berre teikn silhuetten, men prøv å la blikket vandre til dømes til linjene i naseboret, auget og øyret. Streken skal vere samanhengande. Konsentrer deg og følg formene med pennen eller blyanten, medan du rører blikket rundt i ansiktet til modellen din.

    Ikkje kikk ned på papiret før de er ferdige. Vi høyrer på latteren om nokon fell for freistinga!
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2024

Læringsressursar

Teikning