Hopp til innhald

Fagstoff

Innovasjon og nyskaping

Kva kjenneteiknar ei innovativ og nyskapande bedrift? Er det enkeltpersonar, arbeidsmiljøet, leiinga eller heilt andre faktorar som gjer at nokon bedrifter kan seiast å vere innovative? Mange bedrifter er opptekne av å vere innovative, spesielt dei i bransjar med stor konkurranse.
Ein drone flyg med ein pakke i ein hall. Foto.

Kva er innovasjon?

Ordet innovasjon kjem frå det latinske innovare, som betyr "å skape noko nytt". I etterkant av finanskrisa i 2008 vart det laga ei stortingsmelding som heiter Eit nyskapande og berekraftig Noreg. I stortingsmeldinga beskriv regjeringa kva innovasjon og nyskaping er og relaterer behovet for nyskaping til temaet berekraft.

Omgrepet innovasjon i stortingsmeldinga blir definert som

en ny vare, en ny teneste, en ny produksjonsprosess, anvendelse eller organisasjonsform som er lansert i markedet eller tatt i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdier

Innovasjon Noreg nyttar òg denne definisjonen. Ei innovativ bedrift skaper altså noko nytt. Det kan vere nye produkt, produksjonsmetodar, forretningsmodellar eller sals- og distribusjonsformer.

Produktinnovasjon

Dersom ei bedrift skaper nye produkt, kallar vi det produktinnovasjon. Ein kjend produktinnovasjon var touch-skjermen til Apple i 2007. Touch- og app-teknologiane har forandra marknaden for mobiltelefonar og gjort Apple til ein av dei største aktørane på marknaden.

Eit anna døme er dronar. Dronar er radiostyrte småfly. Modellfly har eksistert i meir enn 100 år, men kombinasjonen av avansert elektronikk og lettmetall gjorde det mogleg å utvikle dronar til militær overvaking på 1980-talet. Sidan den gongen har bruken av dronar til både sivil og militær bruk auka enormt. Pakketransport ved hjelp av dronar er venta å revolusjonere transportbransjen.

Prosessinnovasjon

Når ei bedrift utviklar nye metodar i produksjonen av produkt, kallar vi det prosessinnovasjon. Stor grad av prosessinnovasjon finn vi mellom anna innan fiskeoppdrett i Noreg. Både på grunn av stor konkurranse og på grunn av kravet om betre dyrevelferd, har bedriftene utvikla stadig betre og meir effektive metodar for å drive fiskeoppdrett.

Snitt av ein lukka merd for fiskeoppdrett. To personar på gangbruene på vassoverflata i merden. Ein person i rib-båt ved sida av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisasjons- og distribusjonsinnovasjon

Bedrifter vil òg utvikle nye måtar å samarbeide og organisere seg på. Distribusjonskanalar er ein viktig del av verdikjeda til bedrifta. Dersom distribusjonen kan effektiviserast, kan det betyr betre tilgang til marknaden og pengar spart.

Ei bedrift som har vakse seg stor på nettopp det å effektivisere distribusjonen, er Amazon. I Noreg er Komplett.no eit døme på ei bedrift som har vore innovativ i distribusjonsprosessen, med robotlageret sitt frå Autostore.

Om Kompletts varelager i Sandefjord (TU)

Bruk av dronar til pakketransport kan bety at levering av varer kan gjerast nesten kvar som helst i verda og mykje billigare enn i dag.

Innovasjon er ikkje ein isolert aktivitet i bedrifta

Innovasjon går ikkje føre seg i eit lukka miljø. Det er ein prosess der bedrifta utviklar produkt og metodar, samtidig med at bedrifta analyserer marknaden og tek omsyn til behovet til kundane.

Kjenneteikn på ei innovativ bedrift

Innovative og nyskapande bedrifter blir kjenneteikna ved at dei tilpassar seg trendar, fangar opp og utviklar nye produkt og har ein innovasjonskultur.

Bedrifter som tilpassar seg trendar

Nokre bedrifter er spesielt flinke til å reagere raskt på trendar i samfunnet. Det kan vere eksisterande bedrifter eller nye bedrifter starta av entreprenørar som har avdekt eit behov i marknaden.

Sophie Wiik etablerte Too Good To Go som ein reaksjon på matsvinnet i samfunnet. Forretningsideen viste seg lønsam. Bedrifta har løyst eit problem for leverandørar (hotell, restaurantar og matbutikkar) og samtidig dekkjer bedrifta eit behov hos kundane om å kjøpe mat som elles ville ha vorte kasta. Too Good To Go er eit døme på både produkt- og prosessinnovasjon.

I relatert innhald finn du ein podkast der Sophie Wiik snakkar om Too Good To Go.

Bedrifter som utviklar nye produkt

I tida med korona har spesielt farmasøytiske bedrifter hatt gode vekstvilkår. I 2020 fekk firmaet Vaccibody innovasjonsprisen frå forskingsrådet i Noreg. Bedrifta vart etablert i 2007, og dei utviklar DNA-baserte persontilpassa vaksinar retta mot behandling og førebygging av kreft og smittsame sjukdommar. Det er eit norsk firma starta av Agnete Fredriksen, og dei fekk prisen for å nytte forsking og innovasjon til å utvikle behandlingar som kan redde liv.

Du kan lese meir om Vaccibody under relatert innhald.

Bedrifter som har ein innovasjonskultur

Eit døme på ei bedrift med innovasjonskultur er bedrifta Askeladden & Co. Bedrifta har etablert seg som ein rådgivar til nye bedrifter innanfor tenesteytande bransjar som frisør, gravferder og legebesøk. Dei tilbyr konsulenttenester til menneske som har ein god forretningsidé slik at dei kan etablere bedrifter.

Bedriftene som får hjelp av Askeladden & Co, har ofte ein idé om korleis dei kan forenkle eller forbetre eit forretningskonsept slik at dei kan nå fleire målgrupper. Gode døme på bedrifter som har fått hjelp av Askeladden & Co, er Kopp og Dr. Dropin.

Under relatert innhald finn du lenkjer til nettsidene til Askeladden & Co, Kopp og Dr. Dropin.

Kjelder

Innovasjon. (2021, 14. mars). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Innovasjon

Innovasjon Norge (u.å.). Vi gir lokale ideer globale muligheter. https://www.innovasjonnorge.no/

Meld. St. 7 (2008–2009). Et nyskapende og bærekraftig Norge. Nærings- og fiskeridepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-7-2008-2009-/id538010/

Ørstavik, F. (2019, 23. september). Innovasjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/innovasjon

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du velje ei bedrift i nærmiljøet ditt. Du skal spesielt fokusere på bedrifta sine evner til innovasjon og nyskaping.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift