Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prøv deg som berekraftsgründer

No skal du få vere kreativ og skapande. Oppgåva er å komme med ein idé til eit nytt produkt eller ei ny teneste som er sirkulær og berekraftig.
Tre smilande unge menneske ved eit bord. To av dei gir kvarandre high five over bordet, den eine står på stolen. Veggen bak dei er dekt med post-it-lappar i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før de startar kan det vere fint å lese gjennom denne artikkelen om berekraftsgründerar.

Tips til lærar

Vi tilrår å lage nokre stoppunkt undervegs. Då vil det vere enklare for deg som lærer å følge med på prosessen til elevane og rettleie dei. I tillegg bidreg det til at elevane jobbar godt med kvart punkt. Stoppunkt kan vere små innleveringar undervegs, korte presentasjonar for deg, andre grupper eller klassen eller innspeling av små videosnuttar. Eit alternativ kan vere at elevane skal skrive ein liten rapport på slutten av kvar økt eller ein logg gjennom heile opplegget.

Oppgåva – eit nytt berekraftig produkt eller teneste

Då er de klare til å komme i gang med sjølve oppgåva. De skal altså lage eit heilt nytt produkt eller ei heilt ny teneste.

  1. Idémyldringsfasen: Kom med så mange ulike idéar som mogleg. Bruk gjerne post-it-lappar, penn og papir. Skriv ned på lappar til de har minst ti ulike idéar.

  2. Vel nokre idéar de vil sjå nærare på. Går det an å kombinere fleire idéar? Vel til slutt ut ein idé til eit produkt eller ei teneste de vil jobbe med.

  3. Undersøk marknaden. Finst det allereie liknande produkt eller tenester? Kva skil idéen dykkar frå det som allereie finst? Kvifor skal kundar heller velje dykk?

  4. Design produktet eller tenesta. Korleis skal det sjå ut og fungere? Hugs å ta omsyn til dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling, og tenk på korleis produktet eller tenesta passar inn i ein sirkulær økonomi.

  5. Lag ei grundig forklaring på kva produktet eller tenesta er. Forklar kvifor produktet eller tenesta er berekraftig og passar inn i ein sirkulær økonomi. Få òg tydeleg fram kva som er bra med produktet/tenesat dykkar. Denne delen kan leverast som ein presentasjon, ein video eller ein tekst, og han kan brukast som ein vurderingssituasjon.

  6. Lag til slutt ein pitch de kan halde for klassen. Les gjerne artikkelen Pitch og NABC-metoden.

  7. Presenter pitchane i klassen. Då kan det òg vere fint å opne for spørsmål og kommentarar frå dei andre i klassen.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2022

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift