Hopp til innhald

Fagstoff

Kreativ dialog

Kreativ dialog er å skape gjennom tale. Den kreative metoden var først brukt av Navaho-indianarane under rådsslag. Dei sat i ring og sende rundt ein heilag stein. Den som heldt steinen, hadde ordet, og dei andre var stille. På denne måten snakka dei etter tur, og alle bidrog med meiningar og idéar.
Fire elevar som sit i ring, og ein av dei held ein rosa penn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kreativ dialog

Ein krølla gul lapp dannar ei lyspære saman med svarte tusjstrekar. Foto.

Ordet kreativ betyr "skapande", dialog er sett saman av dia, som betyr gjennom, og log eller logos som betyr "å tale". Kreativ dialog er dermed å skape gjennom tale. I denne metoden skal du snakke og kome med idéane og meiningane dine. Det er viktig at den som snakkar ikkje blir avbroten, og at alle i gruppa deltek aktivt når det er turen deira.

Førebuingar

Du har ei oppgåve, ei problemstilling, ei utfordring eller ei moglegheit du skal jobbe med på skulen. Denne metoden passar best for grupper frå fire til seks elevar. Vel ein penn eller tusj som skal vere den heilage pennen "deira".

Metoden

  1. Start med å beskrive oppgåva eller problemstillinga de skal jobbe med og finne ei løysing på. Det kan vere ei individuell oppgåve, der ein treng hjelp til idéar, eller det kan vere eit felles prosjekt de skal jobbe saman om.
  2. Når alle har ei felles forståing for utfordringa, held ein i gruppa "den heilage pennen" og snakkar. Dei andre lyttar.
  3. Send "den heilage pennen" vidare mot venstre når du har snakka ferdig. Du kan òg velje å ikkje seie noko, før du sender pennen vidare. Slik går "den heilage pennen" frå person til person, heilt til alle har fått sagt det dei vil.
  4. Utsett vurderingar, spørsmål, kommentarar og kritikk.

Variantar av kreativ dialog

Metoden kreativ dialog kallast òg heilag penn, magisk penn eller snakkepennen. Dersom de har behov for at idéane blir skrivne ned etter kvart, vel de ein som noterer undervegs i øvinga. Du kan variere metoden med til dømes å la den magiske pennen ligge på eit bord mellom dykk. Når du er ferdig å snakke, legg du pennen tilbake på bordet, og kven som helst kan ta pennen. Metoden kan òg fungere i større grupper, men då blir det viktig at kvar enkelt snakkar kortare.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Kreativitet og idéutvikling