Hopp til innhald

Fagstoff

Problemfasen – ressurssamling

I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon. Analyser oppdraget frå kunden og bli kjent med målgruppa. Stiller du dei riktige spørsmåla i ei problemstilling, vil det som regel vere nøkkelen til ei løysing.
Illustrasjon av lyspære og andre ikon.

I problemfasen skal du planlegge, samle inspirasjon og informasjon, utforske og arbeide med ei problemstilling. Ei problemstilling er eit spørsmål du vil finne svaret på. Det bør vere noko som er mogleg å undersøke gjennom praktisk arbeid. Under kan du finne fagstoff og oppgåver som er knytte til problemfasen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020

Læringsressursar

Kreativitet og idéutvikling