Utforsk idéen - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Utforsk idéen

Klar ferdig kreativ (KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, viser korleis de kan bryte ned idéutviklinga i fire fasar. Den første er utforskingsfasen. For å klare å vere kreativ på bestilling, må du beherske nokre teknikkar.
Klar, ferdig, kreativ – fase 1: Utforsking. Animatør og illustratør Daniel Dahn og filmskapar Magnus Skatvold fortel korleis dei går i gang med idéutviklinga. Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Utforskingsfasen

Det første de må gjere når de får eit oppdrag, er research. Det vil seie at de må finne ut noko om dei de skal lage produkt for. Kva er viktig for oppdragsgivaren? Er det eit produkt som skal seljast? Kva argument skal de nytte for å overtyde kundane? Kven er i målgruppa? Korleis når de målgruppa? Kva verkemiddel kan det vere lurt å nytte?

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020