Fagartikkel
Løysingsfasen
I løysingsfasen må du vere kritisk og kaste det som ikkje skal brukast. Det betyr at du kanskje må gi slepp på noko du liker godt, for å kunne satse fullt på den idéen du trur vil fungere best for kunden og målgruppa.
I denne fasen skal du utvikle idéen vidare, visualisere og presentere han.
Rydd opp i idéarbeidet ved å velje bort, velje ut og vidareutvikle idéar. Visualiser og presenter idéane for kunden eller oppdragsgivar. Under kan du finne fagstoff knytt til løysingsfasen.
Relatert innhald
Fagstoff
Rydd opp i idéarbeidetDet nest siste leddet i idéutviklingsfasen: Rydd i idéarbeidet og «Kill your darlings».
Fagstoff
Visualiser og presenter idéenDet siste leddet i idéutviklingsfasen er å setje idéen saman, så han kan presenterast.