Hopp til innhald

Fagstoff

Lag ein idébank

I denne kreative metoden jobbar de saman i stille. Kanskje kan det vere lettare å kome med nye tankar og idéar når du slepp å seie dei høgt. Blir du modigare og meir fri når du kan skrive ned idéane anonymt?
Krølla papir på skissa av ei lyspære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stille og kreativitet

Ein av fordelane med å skrive ned idéen, framfor å seie den munnleg, er at du ikkje høyrer andre sine meiningar med ein gong. Nokon blir kanskje friare og modigare då. Andre vil sakne engasjementet, kreativiteten og dynamikken i ein diskusjon. Vi er ulike og føretrekkjer ulike metodar. Det kan derfor vere bra å variere munnlege og skriftlege metodar.

Førebuingar

Nærbilete av ei hand som skriv på ark med penn. Foto.

Du har ei oppgåve, ei problemstilling, ei utfordring eller ei moglegheit du skal jobbe med på skulen. I denne øvinga treng du noko å skrive med og A4-ark. De kan vere grupper eller heile klassen. Sett dykk rundt eit stort bord og la senter av bordet vere idébank. Dersom heile klassen jobbar saman, bestemmer de ein stad i klasserommet som skal vere idébanken. Alle skal vere stille under heile øvinga. Bestem på førehand kor lenge de skal jobbe.

Metoden

  1. Del ut ark til alle.
  2. Alle skriv ein idé på kvart ark og legg det i idébanken. Skriv ned alle idéane dine, men berre éin på kvart ark.
  3. Når du går tom for nye idéar, plukkar du ark frå idébanken.
  4. Les idéen på arket du tok, og skriv ned eventuelle nye idéar du får.
  5. Du kan når som helst leggje arket tilbake i idébanken og ta eit nytt ark.
  6. Når tida er ute, kan de sjå gjennom arka og vurdere idéane, eller de kan leggje arka bort og ta dei fram på eit seinare tidspunkt.

Lausarkmetoden eller idébank

Denne kreative metoden kallast òg lausarkmetoden. Sjølv om metoden fungerer best saman med andre, kan du òg jobbe med idébank åleine.

Forseth, L. (1991). Praktisk nytenkning – Systematisk og kreativ problemløsning. Oslo: Aquarius Forlag A/S.

Forseth, L., Nordvik, B. (2011). Kreativ undervisning. Oslo: Aquarius Forlag A/S.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2020

Læringsressursar

Kreativitet og idéutvikling