Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget – for læraren

Faget produktutvikling og produksjon er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.
Nærbilete av hender som jobbar med blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 på NDLAs hovudside, vil du få opp ein inngang for kvart programfag. I kvart fag får du opp ei oversikt over hovudemna.

Emne med tilhøyrande artiklar og oppgåver

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når du klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Menyvisning, språkveljar og fritekstsøk

Øvst på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten Meny. Til høgre for menyknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på menyknappen, får du opp ei oversikt over innhaldet i faget. Språkveljaren lèt deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Søk på innhald knytt til same kompetansemål

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet Vis kompetansemål, som er plassert rett under namnet på faget.

Tilvalsstoff

Enkelte emne har òg tilvalsstoff. I så fall kjem det opp ein knapp til høgre over lista med faginnhald, slik at kan du velje om dette tilvalsstoffet skal vere synleg eller ei.

Innhald

For utdanningsprogrammet frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 finn du på NDLA fagartiklar, filmar, podkastar, eit virtuelt biletgalleri og utforskande og yrkesretta oppgåver. Her må du gjere eit utval for elevgruppa di og tilpasse det til skulens årsplan.

Ressursane for produktutvikling og produksjon dekker kompetansemåla og gir høve til yrkesfagleg fordjuping. Ved å klikke på "Vis kompetansemål" vil du få opp korleis kvar enkelt ressurs er kopla til læreplanen.

Læringsressursane er forankra i verdigrunnlaget frå overordna del av læreplanen. Det betyr at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Vi har vektlagt idéutvikling og designprosessar der elevane er aktive og jobbar kreativt, både individuelt og saman med andre. Kundebehandling og analyse av oppdrag og bestillingar er òg komne inn som ein viktig del av yrkesrettinga. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar og vurdere eigne arbeidsprosessar.

Elevane treng grunnleggande kunnskapar innan design, visualisering, form og farge, uavhengig av kva materialområde dei skal jobbe med. Desse emna inneheld generelle artiklar, kombinerte med ressursar som er meir yrkesretta. Kvart hovudemne er delt inn i aktuelle underemne.

Kunnskap om mote, trendar, stilhistorie og kultur skal brukast i eige arbeid. I emna om trendar og kultur og tradisjon blir elevane betre kjende med omgrepa og kan jobbe praktisk med oppgåver. Vi har valt å behalde ein kronologisk presentasjon av ulike periodar i stilhistoria. Her er det ikkje tenkt at elevane skal gå gjennom alle ressursane, men at du kan gjere eit utval og bruke stilhistorie som inngang til skapande arbeid.

Læreplanen legg vekt på at elevane skal løyse oppdrag frå kundar. Dette er utgangspunktet for fleire oppgåver. I delemnet segment og målgrupper skal elevane lære å sette seg inn i ønska og behova til kunden.

Smilande mannleg kunde hos frisør. Han har nettopp fått styla hår og skjegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS) har vi samarbeidd om ressursar som blir brukte i fleire yrkesfag. Desse er delte inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren. I tillegg har vi skilt ut sikkerheit og førstehjelp som eigne delemne.

På tvers av fag

Programfaga i frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 er knytte tett saman. Fleire av ressursane er merkte med kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge hovudemna visualisering, dokumentasjon og presentasjon og berekraftig utvikling i begge programfaga sidan dei er òg er viktige i arbeidet med faget kommunikasjon, kunde og arbeidsliv.

Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er skildra i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre! Kom gjerne med innspel i Facebookgruppa: Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign fra NDLA.no.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2023

Læringsressursar

Om faget – for læraren