Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Fra det ubevidste sjæleliv" og Sult

Knut Hamsun ville forandre norsk litteratur på slutten av 1800-talet. Les eit utdrag frå artikkelen "Fra det ubevidste sjæleliv" og formuler Hamsuns litterære program med eigne ord. Deretter skal du lese eit utdrag frå Sult og sjå korleis Hamsuns litterære program viser seg i praksis.

Del 1: Les eit sitat frå "Fra det ubevidste sjæleliv"

Portrett av Knut Hamsun. Foto.

Før du byrjar å lese teksten til Hamsun, skal du få lese eit sitat frå han. Deretter skal du lage ein hypotese om kva Knut Hamsun syntest var gale med litteraturen på slutten av 1800-talet, og kva han syntest var god litteratur.

Hva om nå litteraturen i det hele tatt begynte å beskjeftige seg litt mer med sjelelige tilstander enn med forlovelser og baller og landturer og ulykkeshendelser som sådanne? Man måtte da ganske visst gi avkall på å skrive “typer” – som alle sammen er skrevne før – “karakterer” – som man treffer hver dag på fisketorget.

  1. Lag to hypotesar. Du skal fullføre dei to setningane under. Skriv med eigne ord:

    • Det Hamsun meiner er gale med litteraturen på slutten av 1800-talet, er at ...

    • I staden ønskte han ein litteratur som ...

  2. Samanlikn med dei andre i klassen: Kva trur de Hamsun kjem til å seie at er gale med litteratur på slutten av 1800-talet, og korleis ville han skrive?

Del 2: Les utdrag frå "Fra det ubevidste sjæleliv"

Les utdraget frå artikkelen "Fra det ubevidste sjæleliv" på Nasjonalbiblioteket. Du skal lese frå "Man har et gammelt ord, som siger" på s. 15. til slutten av artikkelen på s. 18.

  1. Prøv å fortelje att det du har lese med eigne ord. Skriv 7–8 setningar.

  2. Trekk ut ei setning frå artikkelen som du synest er den viktigaste.

  3. Samanlikn det du har skrive med det fleire medelevar har skrive.

  4. Diskuter i klassen: Var det delar av teksten de ikkje forstod? Diskuter passasjar som er vanskelege å forstå, og sjå om de kan hjelpe kvarandre med å skjøne Hamsuns litterære program.

Guddommeleg galskap på NRK

No skal de sjå eit utdrag frå Guddommelig galskap som handlar om Knut Hamsun. Men for å hugse det som er viktig i dokumentaren, skal de skrive ned orda i ramma under og fokusere på dei mens de ser dokumentaren. Etterpå bruker de orda til å lage eit samandrag av det de har sett.

Sjå frå starten og fram til 19:50.

København, psykologisk kunst, sjølvutlevering, sinnsstemningar, sinnliv, Christiania, Sult, årsak, underbevisstheit, Edvard Munch, anerkjenning, instinkt, "Dei fire store", Et dukkehjem, Henrik Ibsen, foredrag, typedikting.

  1. Skriv eit samandrag av det de har sett i dokumentaren. De skal bruke orda over i samandraget.

  2. Diskuter med medelevar: Korleis forventar de at romanen Sult er skriven? Grunngi ved å vise til kunnskap de har fått frå dokumentaren og utdraget frå "Fra det ubevidste sjæleliv".

  3. Diskuter i klassen: Kva blei trekt fram i dokumentaren Guddommelig galskap som gjorde Sult til ein sensasjon og Knut Hamsun verdskjend?

Del 3: Les utdrag frå Sult

No skal de lese dei første 35 sidene i Sult på Nasjonalbiblioteket.
Les gjerne høgt i klassen på omgang. Diskuter deretter i grupper:

  1. Kva inntrykk får de av Sult-helten?

  2. Kva for ulike sinnsstemningar går Sult-helten gjennom?

  3. Korleis vil de seie at form og tema heng saman i utdraget? Grunngi svaret dykkar og vis til døme.

  4. Korleis synest de utdraget frå Sult "oppfyller" det Knut Hamsun beskriv som god litteratur i utdraget frå "Fra det ubevidste sjæleliv"?

  5. Diskuter: Kvifor lèt ikkje Knut Hamsun berre Sult-helten ta seg saman?

Del 4: Går det an å teikne Sult?

  1. Prøv å lage ein teikneserieversjon av dei fem første sidene av Sult.

  2. Les Martin Ernstsens teikneserieversjon av Sult. Diskuter deretter:

    • Synest de Martin Ernstsen har klart å attskape Hamsuns Sult på ein måte som oppfyller Hamsuns tankar om kva som er god litteratur? Grunngi svaret.

    • Kva verkemiddel bruker Martin Ernstsen for å attskape Sult som samansett tekst?

Relatert innhald

De kan lese eit intervju med Martin Ernstsen på Fabelaktig formidling om vala han gjorde då han skulle lage sin eigen versjon av Sult.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021

Læringsressursar

Å skrive kreativt