Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Som i en kinosal" av Paal Brekke

Diktet "Som i en kinosal" av Paal Brekke kan seiast å vere eit urtypisk modernistisk dikt. Men kva er det eigentleg som er "som i ein kinosal"? Og kva skjer når du skal skrive diktet "Som i eit klasserom" på typisk modernistisk vis?
Mange menneske i ein kinosal ser på ein film. Somme har pappkurs og esker med popkorn i hendene. Dei har tilfredse ansiktsuttrykk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Les diktet høgt

  1. Finn diktet "Som i en kinosal" på Nasjonalbiblioteket og les det éin og éin inni dykk.

  2. Gå saman i par. Les diktet høgt for kvarandre. Diskuter deretter korleis forma til diktet påverkar korleis de les det.

  3. Nokre frivillige les diktet framfor klassen.

  4. Diskuter i klassen: Var det nokon opplesnader de syntest var spesielt gode? Kvifor?

Del 2: Kva er det som er "som i ein kinosal"?

Tittelen til diktet er ei ufullstendig samanlikning. For kva er det eigentleg som er "som i ein kinosal"?

  1. Utan å snakke med andre: Skriv ned ordet/orda de meiner skal vere framfor frasen "som i kinosal".

  2. Samanlikn med andre i klassen og diskuter kvifor de skreiv som de gjorde.

  3. Diskuter: Kva meiner de er temaet i diktet? Er dette eit typisk modernistisk tema? Les fagartikkelen "Modernismen – ein reaksjon på modernitet" for å finne svaret.

Del 3: Eit urtypisk modernistisk dikt?

  1. Les om modernistisk lyrikk i fagartikkelen "Typisk modernistisk – Make it new!"

  2. Vil de seie at "Som i en kinosal" har typiske modernistiske trekk? Grunngi ved å peike på døme frå diktet.

  3. Kva funksjon meiner de dei typiske modernistiske trekka ved diktet har?

Del 4: Les "Som i en kinosal" i lys av Platons hòlelikning

Kva er verkelegheita? Dette er det sentrale spørsmålet i Platons hòlelikning, som set eksistensielle spørsmålsteikn ved tilværet, akkurat slik det lyriske eget i Paal Brekke sitt dikt gjer.

A. Diskuter likskapar og forskjellar i "Som i en kinosal" og "hòlelikninga".

Sjå videoen om hòlelikninga over. Samanlikn diktet "Som i en kinosal" med hòlelikninga til Platon. Svar på desse spørsmåla:

  • Kva likskapar er det mellom menneska som ser på skuggar i hòlelikninga og publikum i "Som i en kinosal"?

  • Kva likskapar er det mellom det lyriske eget i "Som i en kinosal" og mannen som slepp fri i hòlelikninga?

  • Mannen i hòlelikninga går opp i lyset og ser "den verkelege verda". Samanlikn handlingane til det lyriske eget i diktet med denne handlinga.

B. Ny innsikt?

Korleis kan det å samanlikne "Som i en kinosal" med hòlelikninga gi ny innsikt i diktet til Paal Brekke? Diskuter spørsmålet i grupper.

Del 5: Skriv eit typisk modernistisk dikt

Lag eit urtypisk modernistisk dikt. Diktet skal heite "Som i eit klasserom", og du skal bruke "Som i en kinosal" som inspirasjon og mønster.

For at diktet skal bli typisk modernistisk, bør det

  • handle om framandkjensle og angst

  • ikkje ha fast form (ikkje enderim, fast rytme eller strofeoppbygging)

  • ha broten syntaks

  • ha upoetisk språk

Les gjerne diktet høgt for kvarandre!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Å skrive kreativt