Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv som Virginia Woolf

Virginia Woolf er ein verdskjend modernistisk forfattar. Målet hennar var å utforske menneskesinnet. I denne oppgåva skal du lese eit utdrag frå Til fyret og bruke Woolfs skrivestil på kortfilmen De hensynsløse.

Del 1: Virginia Woolf – ein meister i å studere menneskesinnet

Sjå dokumentaren Lesekunst om modernistiske forfattarar fram til 19:23. Denne delen handlar om den engelske forfattaren Virginia Woolf. Medan du ser filmen, skal du notere ned svar på desse spørsmåla:

  1. Kva seier litteraturvitaren Britt Andersen om forskjellen på det ytre og det indre planet i romanen Ms. Dalloway?

  2. Kva får du vite om det som er målet til Virginia Woolf når ho skriv?

  3. Kva meiner Woolf er "oppgåva til romanforfattaren"?

  4. Kvifor skreiv Virginia Woolf på ein måte som kan minne om "frie assosiasjonar?"

  5. Kva samanheng var det mellom psykoanalysen og Woolf sin forfattarskap?

Del 2: Til fyret

Virginia Woolf

Les første kapittel av romanen Til fyret Nasjonalbiblioteket.

  1. Kor store delar av teksten er ytre handling i dette utdraget – altså handling som ikkje er tankereferat eller tilbakeblikk, men replikkar og handlingsreferat?

  2. Kor store delar er indre handling?

  3. Korleis studerer Virginia Woolf menneskesinnet i dette utdraget, meiner du? Kva for litterære verkemiddel bruker ho?

  4. Korleis hadde det påverka oppfatninga vår av karakterane om denne teksten hadde vore skriven med ein annan synsvinkel? Døme på synsvinklar er ein autoral forteljar utan innsyn i karakterane, eller ein personal forteljar som ser historia gjennom blikket til éin av karakterane.

  5. Virginia Woolf har uttalt at målet hennar som forfattar er å "undersøkje ein augneblink i ein vanleg bevissheit på ein vanleg dag". Korleis stemmer dette med utdraget frå Til Fyret som du no har lese?

  6. Virginia Woolf ønskte å skrive ein så realistisk litteratur som mogleg. På kva måte er dette utdraget realistisk?

Del 3: Skriv som Virginia Woolf

No skal du prøve å skrive som Virginia Woolf. Du skal ta utgangspunkt i kortfilmen Små, søte kaker og skrive skjønnlitterært på Woolfs vis om ein scene frå filmen. Vel mellom eitt av alternativa under:

Alternativ 1: Jobb åleine

Gjer heile eller delar av filmen om til skjønnlitteratur ved å la tankereferata til dei ulike karakterane ta mesteparten av plassen. Replikkane skal du verne slik dei er i filmen.

  • Eit godt tips: Virginia Woolf sa: "Mellom replikkane grev teksten ut tunnelar bak personane". Bruk dette sitatet som inspirasjon til å skrive teksten din.

  • Eit godt tips til: Korleis kan du vise dei ulike måtane karakterane oppfattar situasjonen på ved å la stemmene deira komme til syne i tankereferata?

Alternativ 2: Jobb i par

  1. Viss de vel alternativ 2, skal de gå fram på same måten som i alternativ 1, men velje kvar dykkar karakter. Éin skriv tankereferata til Georg, og éin skriv tankereferata til Anne.

  2. Etter å ha skrive kvar dykkar del, skal de setje dei saman. Bruk replikkane frå kortfilmen til å sy tankereferata saman til ein heilskapleg tekst.

  3. Les teksten høgt for kvarandre. Diskuter om de har tolka karakterane i filmen på same vis.

Del 4: Les og diskuter

Frivillige les tekstane sine høgt for klassen. Diskuter deretter:

  1. Gav tekstane til nokon i klassen dykk overraskande perspektiv på kva karakterane tenkte medan dei diskuterte?

  2. Reflekter over korleis de har lykkast med å skrive som Virginia Woolf. Har de skrive ein tekst som

  • studerer menneskesinnet

  • legg meir vekt på indre enn ytre handling

  • konsentrerer seg om augneblinken

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Å skrive kreativt