Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tradisjon og nyskaping

Berit Boman besøkjer ein keramikar, ein tekstilkunstnar og ein møbel- og produktdesignar med bakgrunn som møbelsnikkar. I samtalane reflekterer dei over verdien av tradisjonshandverk og å vidareutvikle faget sitt.
Tittelen "Handverk og design" er omringa av kvite skisser på ein blå bakgrunn. Illustrasjon.
Handverk og design

Tradisjon og nyskaping

Berit Boman besøkjer ein keramikar, ein tekstilkunstnar og ein møbel- og produktdesignar med bakgrunn som møbelsnikkar. I samtalane reflekterer dei over verdien av tradisjonshandverk og å vidareutvikl...

0:00
-0:00

Kven møter vi podkasten?

Anne Udnes

Anne Udnes er keramikar. Ho er kunsthandverkar og har sveinebrev som pottemakar. Ho leverer mellom anna servise til fine restaurantar og har utsal i butikk.

Sverre Uhnger

Sverre Uhnger er utdanna møbelsnikkar og møbel- og produktdesignar. Han har jobba saman med store produktutviklarar. No driv han eit eige designkontor der han skaper produkt i tre, glas, metall og stein.

Mann sit ved eit bord og ser på glas i ulike former. Foto.

Aurora Passero

Aurora Passero er kunsthandverkar og er utdanna innan tekstil ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho vev med nylontråd og har teke veving inn i kunsten. I 2011 vann ho Høstutstillingsprisen. Sidan har ho selt og stilt ut kunstverk rundt om i verda.

Del 1: Oppgåve

  1. Lytt til podkasten og noter viktige nøkkelord.
  2. Oppsummer det innhaldet du synest er viktigast i podkasten. Bruk stikkorda du skreiv undervegs som utgangspunkt. Her kan du bruke H5P-en under.
  1. Presenter dine eigne tankar om:
  • Korleis kan tradisjonshandverk vidareutviklast og blir tilpassa vår eiga tid?
  • Korleis kan det oppstå dilemma mellom tradisjon og nyskaping?

Del 2: Klassesamtale

Bruk podkasten og oppgåva som utgangspunkt for ein samtale i klassen om tradisjon og nyskaping. Her kan de bruke det digitale verktøyet Samtavla til å dele viktige stikkord og til å strukturere samtalen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Tradisjonshandverk