Arbeidsoppdrag
Innovasjon i tradisjonshandverk
Korleis kan vi ta vare på tradisjonshandverk og samtidig bruke det på ein nyskapande måte?
Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale. Fordjup deg i ein valfri teknikk, og prøv ut korleis du kan bruke han både tradisjonelt og innovativt.
I filmen over seier Even Hansen mellom anna:
Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår. [...] Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.
La deg inspirere til å lære ein handverksteknikk og å bruke han både på ein tradisjonell og ein nyskapande måte.
- Fordjup deg i eit tradisjonshandverk.
- Vel ein teknikk du vil bruke til å attskape eit tradisjonelt handverksprodukt.
- Bruk same teknikk til å utvikle eit nytt produkt. Ta vare på handverket, samtidig som du bruker det innovativt.
- Bli samd med læraren din om korleis du skal dokumentere arbeidsprosessen.
- eit tradisjonelt handverksprodukt
- eit nyskapande produkt med bruk av same teknikk
- eigenvurdering:
- Vurder korleis begge produkta fungerer, og kva du synest om det estetiske uttrykket.
- Beskriv korleis du opplever kombinasjonen av tradisjon og nyskaping.
- Reflekter over kva dilemma som kan oppstå i spennet mellom tradisjon og nyskaping.