Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Åkletradisjonen som utgangspunkt for nyskaping

Åkle betyr sengeteppe, men dei vovne teppa vart òg brukte som pynt og isolering på vegger. Dei vakre mønstera kan inspirere oss til nyskaping. I denne oppgåva skal du bruke dekoren på ein ny måte i eit sjølvvalt produkt.

Ordet åkle kjem av det norrøne áklæði og betyr sengeteppe. Tekstilane vart brukte både som dekor og varmeisolasjon. I Noreg går åkletradsjonen heilt tilbake til mellomalderen. Bruk av mønster og teknikkar kunne variere frå stad til stad.

Inspirasjon frå åkle-mønster blir brukt i nye samanhengar

Siv Elise Seland frå iiS Woodling beskriv korleis ho har brukt åkletradisjonen som inspirasjon i design av klede.

Lag eit produkt der du bruker dekor frå eit åkle-mønster

Du vel sjølv kva slags produkt du vil lage og kva materiale og teknikkar du vil jobbe med.

Del 1: Inspirasjon og idéutvikling

  1. Set deg inn i åkletradisjonen og finn bilete av åkle som inspirerer deg. Lag ein kollasj eller eit moodboard der du presenterer eit utval åkle.
  2. Plukk ut ornament, bord eller flatemønster som du vil bruke i ein ny samanheng.
  3. Teikn idéskisser til korleis du kan bruke dekor frå åkletradisjonen på nye bruksområde. Vel om du vil jobbe digitalt eller for hand, eller om du vil kombinere dette.

Del 2: Produktutvikling

  1. Vel kva slags dekor du vil gå vidare med og kva produkt du vil lage. Dersom du ønskjer ei bestemd målgruppe for produktet ditt, noterer du kva som kjenneteiknar denne.
  2. Jobb først med form og funksjon, før du bruker dekor som ein del av det estetiske uttrykket. Lag fleire skisser og eksperimenter med fargeval.
  3. Lag presentasjonsskisse og arbeidsteikningar i målestokk, der du planlegg produksjonen av produktet.

Del 3: Presentasjon

Presenter idéutviklinga og korleis du ser for deg det ferdige produktet. Vurder eige arbeid og produkt.

Innlevering:

  • kollasj eller moodboard
  • idéskisser
  • arbeidsteikningar og presentasjonsskisse

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

Kilde:

Åkle. (2020, 2. november). I Store norske leksikon. Henta 23. februar 2021 frå https://snl.no/C\\3A\\5kle

Åkle. (2019, 24. august). Henta 23. februar 2021 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=C\\38\\5kle&oldid=19705580

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Tradisjonshandverk