Ikon og symbol i grafisk design
Ikon er abstraksjonar av verkelegheita. Dei blir laga for å visualisere idear eller konsept og blir ofte brukte når det er meir føremålstenleg å vise ein forenkla versjon av verkelegheita enn å forklare henne med ord.
Ein mann eller ei kvinne i stilisert form på dodøra er eksempel på ikon. Slike ikon gjer det enkelt for folk frå ulike delar av verda å vite kva for toalett dei skal nytte.
Ikon blir ofte brukt i logoar, men også som illustrasjonar og dekor. Abstraherte former er vanlege i vegfinningssystem som skilt, kart og informasjonsgrafikk. På nettet finn vi dei som knappar og navigasjonssystem.
Dersom ikon er så abstraherte at det er vanskeleg å forstå kva dei skal førestille, er dei ikkje lenger ikon. Ikon skal ein kunne oppfatte utan særlege forkunnskapar. Abstrakte teikn som ein må lære tydinga av for å kunne forstå, blir kalla symbol.
Krossen er eksempel på eit symbol. Han blir brukt blant anna i dødsannonsar.
Tenk over!
Studer dødsannonsane i ei regionavis.
- Kva for symbol er brukte, og kva for tyding har desse symbola?
- Mange av dødsannonsane bruker ein kross som symbol, men krossane kan vere forma på forskjellig måte. Kan du finne forklaringa på det?
Som hovudregel bør du prøve å holde deg til få, enkle og store former når du jobbar med ikon og symbol. Store og enkle former tiltrekkjer seg mottakaren sitt blikk og gjer det lettare å oppfatte bodskapen.