Logo av divisjonsform - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Logo av divisjonsform

Ei valfri bedrift treng ny logo. Dei ønskjer eit enkelt uttrykk som tek utgangspunkt i ei av grunnformene. Eksperimenter med å dele forma opp i mindre delar og skyv delane frå kvarandre. Prøv ut avstand, retning og posisjon som verkemiddel.
Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Del 1. Beskriv oppdragsgivaren din

Bestem kva bedrift du skal designe logo for. Kva slags visuell identitet har dei, og kva målgruppe rettar dei seg mot?

Før du held fram, kan det vere lurt å lese meir om dette:

Del 2. Eksperimenter med forskyving

Divisjonsform vil seie å dele ei form opp i mindre delar. Du skal ikkje
å fjerne nokre av delane, men prøve ut korleis kvar enkelt del kan bli flytta, rotert, spegelvend og så vidare. Formene som oppstår i mellomrommet, er like viktig som den positive forma.

Utstyr: papir, kartong, saks og lim

  1. Vel ei av grunnformene: sirkel, kvadrat eller likesida trekant.

  2. Del forma opp ved hjelp av rette eller organiske linjer. Pass på at du ikkje mistar karaktertrekket til grunnforma i prosessen.

  3. Prøv ut verkemidla avstand, retning og posisjon. Hugs å ta bilete av utprøvingane dine undervegs.

Avstand

Dei negative flatene som blir skapte i mellomromma, er like viktige som kvar enkelt del. Prøv ut korleis ulik avstand kan skape nye uttrykk.

Retning

La delane henge saman i eitt eller fleire rotasjonspunkt. Eksperimenter med å forskyve delane i ulike retningar.

Posisjon

Eksperimenter med korleis du plasserer delane i forhold til kvarandre.

Del 3. Lag logoen

Vel ei av utprøvingane dine som du vil gå vidare med, og overfør formene til eit digitalt teikneprogram. Utvikle divisjonsforma til ein logo med tekst. Bruk skildringa av bedrifta du har valt, når du skal skape ein ny logo til bedrifta.

Del 4. Lag eit skilt

Eksperimenter med val av skrift, og plasser firmanamnet saman med logoen. Skriv skiltet ut i full storleik på papir eller bruk ein laserkuttar til å gjere skiltet heilt ferdig.

Del 5. Presentasjon

Presenter arbeidsprosessen din og det ferdige produktet. Beskriv korleis du har brukt avstand, retning og posisjon i utprøvingane dine og i logoen. Bli einig med lærar om de skal ha presentasjonen munnleg eller presentere oppgåva digitalt.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2022