Arbeidsoppdrag
Lag ein etikett til eit syltetøyglas
Oppdrag
Du skal lage ein etikett til syltetøyet «Jordbærsyltetøy». Bruk dei kontrastane du no har lært om. Det vil seie:- storleikskontrast
- styrkekontrast
- komplementærkontrast
- formkontrast
- (motivkontrast)
Du skal også bruke det du har lært om balanse.
Krav til oppgåva
- Storleik: breidde ca. 7 cm og høgde ca. 5 cm
- Form: oval eller rektangulær. Vurder om hjørna skal vere avrunda om du vel rektangulær.
- Tittel/namn: «Bestemors jordbærsyltetøy»
- Undertittel/slagord*: «Ein smak av barndommens sommar»
- Skrift: Vel ei skrift til tittel/namn som passar til føremålet. Bruk skrifttypen arial eller helvetica på undertittel/slagord.
- Bruk storleikskontrast mellom tittel/namn og undertittel.
- Vel farge på tittel/namn og bakgrunn. Fargane skal passe til produktet.
- Bruk styrkekontrast mellom bakgrunn og tekst.
- Finn eit bilete eller ein illustrasjon som du har rett til å bruke, og plasser det på etiketten.
- Bruk komplementærkontrast på ein detalj i etiketten.
- Bruk motivkontrast om det verkar naturleg.
- Lag eit utkast med symmetrisk komposisjon. Lag eit nytt utkast med asymmetrisk komposisjon. Vurder kva for komposisjon som passar best til føremålet.
- Vurder om det er balanse i likevekt og verkemiddel.
* Eit slagord blir ofte brukt i reklamesamanheng. Slagordet skal seie noko kort og slåande om produktet eller merkevara slik at det blir lettare å hugse verdiane det representerer.
Kilde: snl.no
Eigenvurdering
- Kvar har du brukt dei ulike kontrastane i etiketten?
- Bidreg kontrastane til at informasjonen er tydeleg?
- Kan nokre av kontrastane fungere som rot, eller visuell støy?
- Er designet ditt godt balansert?