Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skap klesdesign i papir

La dykk inspirere av motehistoria og samarbeid om å skape spennande antrekk i papir. Når de jobbar på byster, må de tilpasse forma til kroppen. Øv på å klippe, brette og forme papiret, slik at delane kan brukast som mønster til eit plagg.

Del 1: Inspirasjon frå motehistoria

Finn ein stilperiode de vil la dykk inspirere av. Lag eit moodboard som viser kva som er typisk for denne perioden. Bruk element frå stilarten til å skape eit moderne klesdesign.

Del 2: Jobb med klesdesign på byster

Ei byste med kort festkjole laga i kvitt og svart papir. Foto.

Materiell:

  • Byster
  • Papir i ulike kvalitetar og fargar
  • Sakser, nåler og tape
  • Band, viss de ønskjer å bruke det

Gruppearbeid

I filmen over jobbar elevane saman to og to, men det går fint å vere fleire.

  • Bli einige om eit tema, ei målgruppe for klesdesignet og korleis de vil bruke element frå stilperioden de har valt.

  • Eksperimenter med fargar og materiale.

  • Jobb direkte på bysta og skap eit klesdesign ved hjelp av papiret de har tilgjengeleg.

Del 3: Vurder produktet og arbeidsprosessen

  • Vurder klesdesignet de har laga.

  • Korleis kan vi sjå inspirasjonen frå stilperioden de har valt?

  • Korleis fungerte arbeidsprosessane og samarbeidet i gruppa?

Del 4: Lag ei utstilling

Samarbeid om å lage ei utstilling. Ta gjerne med moodboarda slik at de kan vise fram samanhengen mellom klesdesignet og stilperioden de blei inspirerte av.

Relatert innhald

Korleis kan dialog hjelpe oss i kreative prosessar? Vi følgjer studentar i eit samarbeid der dei skal designe ein kniv. Dei deler erfaringar og gode råd.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Designprosess